NPK-NTB
NPK-NTB

– Vi har nådd tidsalderen for post-sanning, propaganda og undertrykking av fridom, heiter det frå organisasjonen, som onsdag kom med sin pressefridomsindeks for 2017.

Stadig fleire autoritære leiarar verda over og aukande overvaking truer pressefridomen, ifølgje Reporterar utan grenser (RSF). Men også i demokrati er media under aukande press.

– Pressefridomen viser seg å vere stadig skjørare også i demokrati, der den ein gong blei tatt for gitt, heiter det frå RSF, som fastslår at pressefridomen i verda «aldri har vore så trua».

Organisasjonen noterer seg dei «giftige» angrepa på media både under det amerikanske presidentvalet i fjor i tillegg til i Storbritannia før brexit-avstemminga. Både USA og Storbritannia har falle to plassar frå indeksen i fjor, til høvesvis 43. og 40.-plass.

Noreg har tatt over førsteplassen på lista frå Finland, som har trona øvst dei siste seks åra. På lista i år kjem Sverige, Finland, Danmark og Nederland etter Noreg.

Dei ti beste og ti dårlegaste landa når det gjeld pressefridom:

1.     Noreg

2.     Sverige

3.     Finland

4.     Danmark

5.     Nederland

6.     Costa Rica

7.     Sveits

8.     Jamaica

9.     Belgia

10.  Island

——————-

171. Ekvatorial-Guinea

172. Djibouti

173. Cuba

174. Sudan

175. Vietnam

176. Kina

177. Syria

178. Turkmenistan

179: Eritrea

180. Nord-Korea

Kjelde: Reporters without borders

Oppdatert: sundag 4. juni 2017 19.29

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE