Finske elevar får sleppe svenskundervising

Framtida
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Regjeringspartiet i Finland, Sannfinländerna, har drive gjennom ei forsøksordning der utvalde finske elevar slepp å lære svensk på skulen.

I praksis handlar det om ei ordning der dei finske barna på ungdomsskulen kan byte ut den obligatoriske svenskundervisinga med eit anna framandspråk, noko Sannfinländarna lenge har kravd.

– Ein historisk augneblink i Finlands språkpolitikk, skriv Sampo Terho, leiar i Sannfinländarnas riksdagsgruppe, i ei pressemelding. Sannfinländarna regjerer saman med Centerpartiet og Samlingspartiet.

LES OGSÅ: Ungdomsparti samanliknar svenskundervisninga med tortur

Forsøket skal ifølgje Hufvudstadsbladet starte hausten 2018 og omfatte 2200 elevar, omlag 3,7 prosent av den aktuelle aldersgruppa.

Anna-Maja Henriksson leier Svenska folkpartiet som kjemper for plassen til det svenske språket i Finland. Ho reagerer slik på Twitter:

 


Den finske riksdagen stemte i 2015 ned eit forslag om å gjere svenskundervisinga på skulen frivillig, men opna for utgreiing av forsøksordninga som no trer i kraft. Aust i landet har fleire uttrykt ønske om å få lære russisk i staden for svensk.

Svensk er obligatorisk for elevar på 7. til 9. trinn i den finske grunnskulen, på vidaregåande og ved yrkesretta universitetsutdanningar. Tilsette i det offentlege må kunne svare på meldingar på både finsk og svensk.

LES OGSÅ: Sannfïnländerna vil fjerna svensken frå Finland