Dag og Tid får Fritt Ords pris

Framtida
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Journalistikk er eit svært viktig felt for Stiftinga Fritt Ord. Når vi no tildeler Fritt Ords Pris 2017 til Dag og Tid, er det ein heider til ei uvanleg sjølvstendig avis der vi finn overraskande og lærerikt stoff kvar veke, seier Grete Brochmann, styreleiar i Fritt Ord.

I grunngjevinga heiter det vidare at Dag og Tid ofte går mot straumen i temaa den tar opp, og undersøkjer andre saker enn mange andre medium. I tillegg til å tilby lesarane interessant stoff om internasjonale hendingar, er vekeavisa opptatt av Distrikts-Noreg, skriv Fritt Ord i ei pressemelding.

Kvalitetsstempel
Redaktør Svein Gjerdåker i Dag og Tid seier til Medier24 at prisen er eit kvalitetsstempel, men også forpliktande framover.

– For det første er det særdeles kjekt og inspirerande, men det gir oss også meir autoritet. Vi er ikkje så kjent, så no gir det oss meir tyngde. Så synest eg at det er forpliktande å vinne ein slik pris, men så tenkjer eg at vi er ikkje betre enn vår siste avis, så det nyttar ikkje å vise til prisen dersom vi ikkje følgjer opp, seier Gjerdåker.

Mediekritikk
I grunngjevinga nemner juryen blant anna at avisa følgjer nøye med i norsk matpolitikk og utviklinga i primærnæringane, i tillegg til at den driv «skarp og konkret mediekritikk».

– Avisa legg vekt på kritikk og meldingar av kunst og kultur, men òg av arkitektur og by- og bygdemiljø. Dessutan byr avisa på noko så sjeldan i norsk presse som humor, heiter det i pressemeldinga.

Dag og Tid sjølv skriv at den er politisk uavhengig, men har ein klar motstraums og målpolitisk profil. 

LES OGSÅ: Nytt rekordopplag for Dag og Tid

Riksdekkjande nynorskavis
Dag og Tid er den einaste riksdekkjande nynorskavisa på papir, med om lag 40.000 lesarar i veka. Avisa er også ei av samarbeidsavisene til Framtida.no.
 
Det første prøvenummeret av Dag og Tid kom ut i 1962. Sidan 2001 har Svein Gjerdåker vore ansvarleg redaktør, og i hans periode er opplaget nesten dobla.
 

Fritt Ords Pris er den høgste utmerkinga frå stiftinga, og blir delt ut årleg. Prisen er på 400.000 kroner, og med prisen følgjer Fritt Ord-statuetten signert Nils Aas.

Prisutdelinga finn stad i Den Norske Opera og Ballett i Oslo 8. mai.

Prisen i fjor vart tildelt generalløytnant Robert Mood for å ha vist stort ytringsmot i kritiske debattar om Forsvarets rolle i samfunnet.