Glad for nynorsk-støtte på Ap-landsmøtet

Noregs Mållag er nøgde.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Noregs Mållag vart svært nøgd då programnemnda i Arbeidarpartiet fann plass att til ei formulering om nynorsk i programmet. Det gjeldande programmet seier ikkje noko om språk, men det blir det no slutt på.

Arbeidarpartiet går no til val på denne formuleringa: «Føre en aktiv språkpolitikk som gjør at norsk eller samisk forblir det foretrukne språket i alle deler av norsk samfunnsliv. Nynorsken skal sikres gode utviklingsmuligheter».

– Eg er veldig glad for at Arbeidarpartiet gjev si støtte til nynorsken i programmet sitt, seier Magne Aasbrenn (bildet), leiar i Noregs Mållag i ei pressemelding. Han meiner dette no må få følgjer for politikken partiet fører etter valet:

– Særleg er eg oppteken av at Ap må stille seg på lag med alle landets nynorskelevar. Dei fortener betre vilkår og meir språkleg rettferd enn dei får i dag. Det håpar eg Ap kan seie seg einig i.

Kom ikkje med vidare
På landsmøtet låg det føre to endringsframlegg for ei styrking av språkpolitikken:

Oslo Arbeidersamfunn ville styrkje formuleringane slik: «Styrke arbeidet for en demokratisk og åpen, faktabasert språkpolitikk som gjør at norsk forblir det foretrukne språket i alle deler av norsk samfunnsliv. Nynorsken skal sikres gode utviklingsmuligheter. Språkrådet skal vera statens fagorgan i språkspørsmål og ha sine noverande oppgåver».

Medan Arbeiderpartiet i Bergen vil ha inn denne formuleringa: «Nynorsk skal styrkes i skole og samfunn og sikres gode utviklingsmuligheter». Ingen av desse framlegga kom med i det endelege vedtaket.

Taust om sidemål
Partiprogramframlegget har ingen formuleringar om sidemålsordninga eller andre felt der nynorsken er viktig. Men under både grunnskule og vidaregåande skule i programmet har dei ei formulering om at dei vil gjennomføre fleire forsøk med alternative vurderings- og eksamensformer.

– Noregs Mållag legg til grunn at sidemålsordninga ligg fast. Dersom det ikkje er tilfelle, meiner vi Arbeidarpartiet bør avklare dette i god tid før valet, seier Magne Aasbrenn.