AUF-leiar Mani Hussaini meiner det er gode sjansar på Ap-landsmøtet.

mm

AUF og fleire fylkeslag går inn for at Arbeidarpartiet skal programfesta røysterett i lokalval for 16-åringar på landsmøtet til helga.

– Dette er ei sak som AUF-arar har løfta og fått gjennomslag for i mange fylkeslag, så eg håpar og trur det er gode sjansar for å få dette gjennom òg på landsmøtet, seier AUF-leiar Mani Hussaini til Kommunal-Rapport.

Det er landsmøtet som avgjer no i helga.

LES OGSÅ: Vil gi stemmerett til babyar

Fleire unge i demokratiet
AUF-leiaren peikar på fleire unge i kommunestyre og fylkesting som ei viktig grunngjeving for å senka røysterettsalderen i lokalval.

– At ungdomar er underrepresentert har lenge vore ei demokratisk utfordring, og forsøka viser at røysterett for 16-åringar kan vera med på å løysa den utfordringa. Valdeltakinga blant 16-åringar har òg vore høgare enn det som er vanleg blant førstegangsveljarar, slik at det å gje røysterett i tidlegare alder kan bidra til å auka valdeltakinga på sikt, seier Hussaini til Kommunal-Rapport.

LES OGSÅ: Forskarane tilrår stemmerett for ungdom

Vil utfordra Sp
SV og Venstre har lenge vore for å setja ned stemmerettsalderen til 16 år.

Senterpartiet, som er den sikraste partnaren for Ap dersom det vert regjeringsskifte, er i mot å setja ned røysterettsalderen. Men partiet har vore på glid tidlegare, og i 2012 vedgjekk dåverande Sp-leiar og kommunalminister Liv Signe Navarsete til Framtida.no at ho har skifta meining og no sjølv går inn for stemmerett for 16-åringar.

AUF meiner røysterett frå 16 år bør vera eit krav frå Ap i eventuelle regjeringsforhandlingar.

LES OGSÅ: Har Kongen stemmerett?

Oppdatert: sundag 4. juni 2017 19.29

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE