mm

Torsdag kom søkartala til høgare utdanning.

Master i rettsvitskap ved Universitetet i Oslo er det studiet med flest førstevalssøkarar. Totalt ynskjer 1834 kandidatar seg ein plass her.

Siviløkonomiutdanninga ved Noregs Handelshøgskole er det nest populære studiet, med 1773 søkarar.

Etter dette følgjer studium i rettsvitskap ved Universitetet i Bergen med 1744 søkarar og sjukepleiarutdanninga i Oslo som har 1645 søkarar.

I fjor var det politiutdanninga på Politihøgskulen i Oslo som trona heilt på topp.

Sjå lista over dei mest populære studia her:

Studie Lærestad Søkarar førsteval
Rettsvitskap (jus), Oslo, master, haust UIO 1834
Siviløkonomutdanninga NHH 1773
Rettsvitskap UIB 1744
Sjukepleiarutdanning, Oslo HIOA 1645
Politiutdanning, Oslo PHS 1502
Sjukepleiar, Trondheim NTNU 1273
Sjukepleiarutdanning UIS 940
Medisin, Oslo, profesjonsstudium, haust UIO 934
Arkitekt AHO 923
Sjukepleie, Bergen, bachelor HVL 902
Økonomi og administrasjon, Trondheim NTNU 890
Psykologi, profesjonsstudium UIB 822
Industriell økonomi og teknologileiing NTNU 818
Sjukepleiarutdanning HIØ 806
Sjukepleiarutdanning LDH 803
Medisin UIB 803
Psykologi, Oslo, profesjonsstudium, haust UIO 776
Økonomi og adm. / revisjon / Facility Management HIOA 775
Medisin NTNU 754
Politiutdanning, Stavern PHS 718
Kriminologi UIO 716
Fysioterapeututdanning HIOA 713
Rettsvitenskap (jus), Oslo, master, vår UIO 709
Sosialt arbeid HIOA 707
Administrasjon og leiing HIOA 702
Politiutdanning, Bodø PHS 651
Psykologi, profesjonsstudium NTNU 651
Sjukepleiarutdanning, Kristiansand UIA 644
Psykologi, bachelor UIO 629
Sjukepleiarutdanning, Bergen VID 605
Oppdatert: sundag 4. juni 2017 19.29

Kommentarar

ANNONSE