Uskyldige «cookies»?

Debatt
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eg har ikkje talet på kor mange gongar eg har kryssa ut ei lita fane der det står noko sånn som «denne siden benytter «cookies» og ved å bruke denne siden godtar du våre betingelser». Som sikkert nesten alle andre, hadde eg i grunnen ikkje tenkt over kva dette eigentleg var, det står jo så mykje løye på nettet.  Ein grå og generelt kjip tysdagskveld, forandra alt seg.

Eg bestemte meg altså for at eg var nøydd å finne ut kva desse «cookiesane» var for noko. Etter å ha googla og leita litt fann eg ut at ein «informasjonskapsel», eller «cookie» som det blir kalla på godt norsk, er ei lita tekstfil som lastast ned og lagrast på datamaskina når brukaren opnar ei nettside. Ved hjelp av såkalla «cookies» kan Google og Facebook samle informasjon om det ein gjer på nettet og tilpasse søkeresultat og nyhende etter kva dei trur ein er interessert i. På denne måten skal surfing på nettet bli lagt til rette for ei lett og mest mogleg triveleg oppleving for brukaren. Eg må jo seie at dette høyrest jo ut som ein god idé, med tanke på den late generasjonen eg tilhøyrer og den eldre generasjonen som får lett migrene med ein gong det er snakk om å bruke mobilen til noko anna enn å ringje eller sende meldingar. Når eg tenkjer meg om, høyrest dette faktisk overraskande greitt ut, så kva er vel då problemet med at internett no er bygd opp på ein måte som gjer at det filtrerer ut søket ditt etter kva du truleg er mest interessert i?

Eg skal starte med eit lite døme frå kvardagslivet til ei stakkars, uvitande landsens jente. Etter å ha gjort tyskleksa mi der eg skulle søke etter tyske nyhende (etter meir frustrasjon og tid enn det eg og dei rundt meg sette pris på), blei eg plaga i lang tid etterpå av tyske aviser og nyhende som nokon eller noko meinte eg skulle vere interessert i. Det var eg mildt sagt ikkje. Det passar gjerne å skyte inn at pcen min nettopp hadde vore restarta (takk for den, Atea…), så det skulle ikkje mykje til å påverke kva som blei sett på som mine interesser i søkeloggen, for å seie det sånn. No tenkjer kanskje du som lesar at kva i all verda er det ho eigentleg vil fram til? Jau, det blir faktisk registrert kva sider ein er innpå, og det påverkar seinare søkjeresultat. I dette tilfellet fekk ikkje det store konsekvensar, dersom ein ser vekk frå mykje frustrasjon og høglytt klaging til allereie slitne foreldre (ikkje at det er noko å kimse av), men det er ikkje det som er poenget.

Poenget er at dette kan faktisk skape store konsekvensar, sjølv om ein ikkje er klar over det. Dersom ein heile tida er innpå ein viss type nyhende, t.d. artiklar som har som hensikt å framstille Trump verst mogleg, blir dette oppfatta av slike «cookies», og tolka som at okei, dette er ein person som berre ønskjer å lese drit om Trump, så det skal ho få. På denne måten blir det vanskelegare for deg å kome over artiklar som skriv om det positive som Trump gjer, og ein kan lett få eit litt einsidig syn på den amerikanske presidenten og politikken der borte. No vil eg berre forsikre om at dette på ingen måte er eit forsøk på å få Trump til å framstå som ein helgen, men eg vil få fram at det kan vere lett for at ikkje alt kjem fram i nyhende dersom ein ikkje sjølv leiter etter det.

No skal ikkje eg skryte på meg at eg er eit særs opplyst menneske som verkeleg strevar for å få eit innblikk i alle sider av saker, tvert imot er eg ikkje ein person som søkjer på nyhende (bortsett frå tyske då, naturlegvis), det blir lett for at eg les dei tilfeldige nyhenda som dukkar opp som forslag medan eg skrollar nedover Facebook. Det seier seg sjølv då at FB lett påverkar kva nyhende eg får med meg, og at eg på den måten ikkje blir så opplyst som eg burde vore. At folket er opplyst, trur eg er ein av dei viktigaste faktorane i eit demokrati (for ein hyklar eg er…), slik at kvar enkelt person sjølv kan vurdere dei politiske standpunkta sine. Korleis kan dette vere mogleg dersom du berre får opp dei søkeresultata som har blitt bearbeida av Google og Facebook og blitt godkjent i kategorien «dette er sikkert brukaren interessert i»?

For å svare på dette svært viktige og flotte filosofiske spørsmålet, vil eg seie at det er neimen ikkje enkelt om ein er ein like lat person som meg. For ein travel vgs-elev er det lett for at ein ikkje gidd eller har tid til å sitje timevis på google og skamlese dei ferskaste nyhenda for å vere oppdatert om kva som skjer, så det kan fort bli sånn at det er artiklane på Facebook som blir lese. Er dette gunstig for demokratiet i Noreg? Som borgarar i eit samfunn står vi personleg ansvarleg for å ha oversikt over standpunkta vi vel, å vere opplyste om dei ulike sidene av ei sak før vi vel å ta eit standpunkt.


Eg vil avslutte med å seie at eg trur, og håpar inderleg, at det ikkje til sjuande og sist er dette som kjem til å ta knekken på demokratiet vårt, men eg trur verkeleg at kvar enkelt kan tenkje igjennom kva nyhende dei får med seg, og om «cookies» er så uskyldige som dei høyrest ut som.


Dette innlegget fekk ros av juryen i skrivekonkurransen til Framtida.no og Magasinett om framtida til media og nyhende.

Les vinnarinnlegget her: Plukk og miks!