Håkon og Kristoffer får «verdas beste sommarjobb»
Gründerspirene frå NTNU får seks veker til å jobbe med forretningsideen sin.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det nettbaserte gründersenteret driftig.no lyste i januar ut Verdas Beste Sommarjobb. Stillinga lokka med 50 000 kr i løn, bustad og kontorplass i Sogn og Fjordane for å jobbe med ein forretningsidé.
Vinnarane er Håkon Vikøren (24), Kristoffer Aase (23) og Aksel Bjørnø (23), som saman med selskapet Ablemagic har utvikla ei løysing dei kallar Munti Box, kjem det fram i ei pressemelding frå Fylkeskommunen.
Alle tre kjem frå Entreprenørskapsskulen ved NTNU i Trondheim. Bjørnø skal delta på Gründerskolens utlandsprogram medan Vikøren og Aase reiser til Sogn og Fjordane.
– Eg har aldri vore i Sogn og Fjordane før, og ser fram til å oppleve ein ny plass i sommar, seier Aase på telefon til Framtida.no.
Etter påske vert det klart om dei to studentane skal bu i Sogndal eller i Førde medan dei fleste andre studentar tek sommarferie.
– Vi såg på Verdas Beste Sommarjobb som ein unik sjanse til å bruke sommarferien til å jobbe med forretningsideen, dra nytte av det gode nettverket driftig.no stiller til disposisjon og kickstarte prosjektet inn i neste semester. I tillegg hjelper det med ei såpass generøs løn i eit pressa studentbudsjett, seier dei to i pressemeldinga.
Barneleike
Forretningsideen går ut på å heve barn sine besøksopplevinga i offentlege rom gjennom digitale opplevingar. Produktet, Munti Box, har trykksensitive skjermar der barna kan leike, lære, lage og utforske saman med andre.
Tidlegare denne veka fekk gründerane testa konseptet på Værnes flyplass utanfor Trondheim. Barna kan fargelegge fly og ufoar på Munti Boxen, og så kan dei sende teikningane opp på ein storskjerm der dei flyr rundt.
– Barnefamiliane kan stoppe opp og hyggje seg med ein digital aktivitet, fortel Aase.
Aase og Vikøren håpar på å kunne teste ideen sin to-tre plassar i Sogn og Fjordane i sommar. Målet er å vidareutvikle produktet, utbetre logistikk og finne produksjonspartnarar.
– Hovudmålet er sjølvsagt å få til eit sal i løpet av sommaren. Vi trur vi kjem til å lære mykje av erfarne ressurspersonar om det å starte ei bedrift. Forhåpentlegvis kan vi også knyte til oss verdifulle partnarar for bedrifta, seier gründerane.
Munti Box gir barn digitale opplevingar i offentlege rom, slik som her på Værnes flyplass utanfor Trondheim. Foto: Nina Fjelnset.
Følg gründerane på nett
Driftig.no stiller med det som trengst av ressurspersonar som kan hjelpe og rådgje gründerane i løpet av dei seks vekene dei skal vere i Sogn og Fjordane.
– I retur skal gründerane dokumentere opphaldet i ein blogg, fortel Ingvild Andersen i pressemeldinga.
Ho er leiar redaksjonsgruppa til driftig.no og jobbar med næringsutvikling hjå fylkeskommunen. Andersen trekk fram at næringstiltaka i kvar einskild ikkje er godt nok kjent blant målgruppa.
– Vi ønskjer å vise fram dei gode hjelparane i Sogn og Fjordane, og at vi har eit effektivt og godt system som legg til rette for nyskaping. Med dette prosjektet vil vi gjere ressursane i fylket meir kjende, slik at fleire kan sjå fordelen av å starte eller vidareutvikle bedrift i Sogn og Fjordane, seier ho.
LES OGSÅ: – Som å klatra Mount Everest, seier gründerane bak bedrifta Alder
Faktaboks
Driftig.no er eit samarbeid mellom offentlege næringsaktørar i Sogn og Fjordane.
Fylkeskommunen leiar arbeidet og har med seg Innovasjon Norge, Fylkesmannen, inkubatorane og kommunane og næringsselskapa i redaksjonsgruppa.
Dei har også med seg ein gründer som representerer målgruppa, og det var han som foreslo prosjekt Verdas Beste Sommarjobb når redaksjonen diskuterte aktivitetar for 2017.