Fosterforeldre fekk nei grunna haldningar

Åsmund H. Eikenes
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eit kristent ektepar fekk avslag på søknad om å bli fosterforeldre grunna synet deira på homofili, melder avisa Dagen.

Potensielle forsterforeldre må gjennom eit Pride-kurs, samlingar og individuelle samtalar i regi av Bufetat (Barne-, ungdoms- og familieetaten). Fosterforeldra må oppfylle fleire krav, der eitt av dei er å «støtte barns utvikling og handtere forstyrringar i utviklinga».

På spørsmål om korleis dei ville støtta eit born som ønsker å stå fram som homofil, fortel ekteparet til Dagen at dei «ikkje kunne støtte bornet fullt ut, fordi dei ikkje ønska å oppfordre til å leve ut seksualiteten sin».

I ein seinare samtale med Bufetat forklarte ekteparet at dei «heller ville oppmuntre bornet til å leve som einsleg, med gode vennskap, og finne andre verdiar i livet.»

Støtte frå foreldre er avgjerande
Svaret var ikkje tilfredsstillande for Bufetat, og paret fekk avslag på søknaden om å bli fosterforeldre.

Til Dagen forklarar fungerande avdelingsleiar i Bufdir si likestillingsavdeling, Bjørn Lescher-Nuland, at forsking viser at støtte frå foreldra er den mest avgjerande faktoren for unge som er homofile, lesbiske eller transpersonar.

– Difor er det viktig at vi sikrar oss potensielle fosterforeldre som har ei omsorgsevne som ser dei unge som dei personane dei er og tek vare på deira eigen identitet. Uavhengig av om de trur dei er heterofile eller lesbiske, homofile eller bifile, seier han til avisa. 

LES OGSÅ: No kan homofile par gifta seg i kyrkja