Nynorskløft på Venstres landsmøte
Framleis eigen sidemålskarakter, 25 prosent nynorsk i NRK og styrkt nynorskdidaktikk i lærarutdanninga er nokre av vedtaka frå Venstre sitt landsmøte.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I byrjinga av mars debatterte landstyret i Venstre nytt partiprogram. Då kom stortingspresentant for Venstre Sveinung Rotevatn og styremedlem i Noregs Mållag og politisk rådgjevar for byrådet i Bergen, Peder Lofnes Hauge med lovnad om eit nynorskløft.
I tillegg til å halde fram med eigen karakter i sidemål, ønskte dei seg meir sidemål og tidlegare start med sidemålsopplæring i skulen.
I helga fekk dei med seg partiet sitt på ei styrking av sidemålsordninga.
– Venstre går no inn for ei ambisiøs styrking av sidemålsordninga. Vi vil framleis ha eigen sidemålskarakter, vi vil at opplæringa skal begynne tidlegare og vi vil styrke nynorskdidaktikken i lærarutdanninga, seier stortingsrepresent frå Sogn og Fjordane, Sveinung Rotevatn i ei pressemelding.
LES OGSÅ: Venstre vil avlysa 24. konsesjonsrunde
Nynorsk i andre fag
Landsmøtet går i tillegg inn for ei prøveordning der elevane får møte nynorsk i andre fag enn norsk i bokmålsområde, og at barnehagar skal få nynorske bøker og lydbøker.
– Norske elevar må få møte meir nynorsk i sine bokmålsdominerte kvardagar, seier Rotevatn.
Venstres landsmøte vedtok også at NRK skal bruke 25 prosent nynorsk på alle plattformer, mot dagens nynorskkrav i verbalinnslag i radio og fjernsyn, og vil sikre støtte til Det norske teatret i Oslo som brukar nynorske tekstar på scena.
Peder Lofnes Hauge er politisk rådgjevar for byrådet i Bergen og styremedlem i Noregs Mållag. Foto: Venstre/Flickr
Faktaboks
Her er nynorsk-vedtaka frå Venstres landsmøte:
Framleis eigen sidemålskarakter
Tidlegare start med sidemål
Styrke nynorskdidaktikken i lærarutdanninga
25 % nynorsk i NRK – også på nett
Nynorske bøker og lydbøker i barnehagane
Nynorsk i andre fag enn norsk i bokmålsområde
Støtte til Det norske teatret