Filmar blod på labben

Åsmund H. Eikenes
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det startar med at eg sender mail til blodbanken. Nokre dagar seinare traskar eg ned til Ullevål sjukehus og hentar ein sølvfarga konvolutt med blod.

– Ein konvolutt med blod?

– Ja. Oppi konvolutten er det ein pose med blod, ein slik som heng over sjukesengene.

– OK. Og kva gjer du med blodet?

– No om vinteren har det vore nokså kaldt ute, så då har eg putta konvolutten under jakka for å gjere det varmt og koseleg for blodet mens eg går tilbake til laboratoriet.

Dialogen ovanfor er ikkje starten på årets påskekrim, men istaden ei vanleg arbeidsveke for Katharina Vestre, masterstudent ved Institutt for Biovitskap ved Universitetet i Oslo. Framtida.no møter henne til ein prat om celler og formidling, midt i ein nokså hektisk dag på labben.

Favorittceller og motivasjonsord
Snart er cellene ho arbeider med klare til å få sine tilmålte minutt i rampelyset i eit av universitetets mest avanserte mikroskop. Før me får å sjå korleis cellene ser ut på nært hald, gir masterstudenten ein kort introduksjon til fagfeltet sitt. Ho er nemleg berre interessert i nokre av cellene i blodet.

– Favoritten min er dei dendrittiske cellene. Dei fortener absolutt ikkje å ha dritt i namnet sitt, seier ho.

For at dei kvite blodcellene frå blodbanken skal bli til dendrittiske celler, treng dei å få kjemiske beskjedar. I dagane etter turen til Ullevål er det Vestre sitt ansvar å ta vare på cellene og sjå til at dei utviklar seg som dei skal.

– Eg snakkar til dei gjennom kjemikaliar, og eg går innom labben på søndag for å gi dei nokre fleire motivasjonsord, forklarar Vestre.

LES OGSÅ: Bli med rosabloggar Sunniva Rose til labben

Celler med indre skjelett
Dersom alt går som det skal, vil dei kvite blodcellene utvikle seg til dendrittiske celler, immuncellene som patruljerer rundt i kroppen på jakt etter inntrengjarar.

– Dei dendrittiske cellene brukar det indre skjelettet sitt til å lage utvekstar for å smake på ting, og også for å dytte seg sjølv framover, seier 24-åringen.

Vestre og forskingsgruppa ho er ein del av prøver å forstå det komplekse samspelet som styrer det indre skjelettet til ei celle. Prosjektet byggjer vidare på tidlegare arbeid frå forskingsgruppa, leia av førsteamanuensis Cinzia Progida. Målet til Vestre er å teste korleis eitt bestemt protein, kalla Rab7b, gjer at skjelettet fungerer som det skal. I mange av eksperimenta fjernar ho Rab7b frå cellene, og observerer kva som skjer med skjelettet i slike celler. 

– På mandag gav eg cellene elektrosjokk. Om eg ikkje er rask nok får dei veldig vondt, og kanskje døyr dei, seier ho, og legg til at elektrosjokket må til for å fjerne Rab7b frå cellene.

KatharinaVestreLab4KVestreWeb
Ei dendrittisk celle fargelagt med tre ulike fargar som lyser opp når laserane frå mikroskopet treffer cella: Cellekjerna er mørkeblå, det raude er transportsystemet med blærer inne i cella, og den blågrøne fargen viser nettverket kalla Golgi-apparatet. Foto: Katharina Vestre

Vil skrive om dei morosame cellene
Vegen fram til eit eit solid svar på slike detaljerte spørsmål er lang og kronglete. Til slutt skal det bli ei masteroppgåve som skildrar eksperiment, resultat og konklusjonar.

– Eg har jo lyst til å skrive om dei morosame cellene i masteroppgåva mi, men må istaden skrive akademisk om proteiner og komplekse cellulære prosessar, uttalar Vestre.

Å skrive om morosame celler er noko ho trivst godt med. Ho var student på kurset Forskingsformidling og vitskapsjournalistikk (MNKOM) for to år sidan, og har sidan skrive ein rekke aritklar for Nysgjerrigper. Ved sidan av masterstudia jobbar Vestre med ei populærvitskapleg bok om alt som skjer frå ei befrukta eggcelle og fram til fødsel.

Å veksle mellom å skrive bok for eit allment publikum og å forske på dendrittiske celler har sine fordelar, meiner Vestre.

– Eg er glad i å skrive, men det å stå på labben er luksus. Då får eg gjere noko praktisk, seier ho.

LES OGSÅ: Kristin forskar på sin eigen hund

Klar for mikroskopet
Alarmen på mobiltelefonen går, og cellene er klare for neste steg: mikroskopet. Rundt det avanserte mikroskopet er det ein boks av pleksiglas, laga for å halde konstant temperatur og luftkvalitet for cellene.

– Cellene lever jo, så det gjeld å gjere det heimekoseleg for dei. Dei er veldig pene, og eg håpar vi klarar å finne ei som ser bra ut. Då hadde eg blitt glad, seier Vestre.  

Utstyrer protesteret litt i starten, og ein omstart av programvaren gjer nytten. Så gjeld det at cellene har overlevd turen frå Ullevål, har respondert på dei kjemiske beskjedane og at dei ikkje har døydd av elektrosjokket.

– Det er nokre raude greier her, men eg trur det berre er nokre veldig vakre raude fnugg. Og her er noko stusseleg og daudt. Ein periode var eg redd for at masteroppgåva mi skulle bli ei kyrkjegardsbok over tusen måtar ei celle kan døy på. Men eg trur det skal gå bra, altså.

KatharinaVestreLab2AEikenesWeb
Katharina ved mikroskopet, eit såkalla spinning-disk konfokalmikrorkop. Cellene ho filmar er levande, så inni boksen av pleksiglas er det både varmare og høgare CO2-nivå enn på utsida. Foto: Åsmund H. Eikenes

Må tenke i bilete
Medan Vestre leitar etter levande celler å fotografere, avbryt journalisten med spørsmål:

– Kva kjenneteiknar ein god forskar og ein god formidlar?

– Ein forskar har tolmod og nysgjerrigheit, og er driven av å ha sjukt lyst til å finne ut av noko. Ein god formidlar må tørre å ikkje seie seie heile sanninga. Ein må tenke i bilete, og spørre seg sjølv «kva liknar det på»?

KatharinaVestreLab3AEikenesWeb

– Ja! Eg fant ei celle, utbryt ho, ansiktet tett til mikroskopet.

Ei stor, grå blob dukkar opp på PC-skjermen (biletet), med små utvekstar som dansar i svart-kvitt.

Vestre held fram med svaret på kvifor naturvitarar bør formidle.

– Vi må fortelle om det vi kan, særleg i desse «alternativa fakta»-tider. Vi må vise at forsking har avgrensingar, men at forsking også kan gi svar på ting, seier Vestre.

LES OGSÅ: Planteforskar: – Du drar ut kjønnsorgana, hardt og brutalt

 

Postskript:

I ein epost veka etter stadfestar Vestre at cella ho fann ikkje var heilt daud, men at det ikkje var langt unna.

– Eg hadde ikkje den mest suksessrike dagen på labben, men har heldigvis ikkje alltid slik uflaks altså, skriv ho.  

Faktaboks

Katharina Marie Vestre

Masterstudent ved Institutt for Biovitskap, UiO

Prosjekt: Kva regulerer det indre skjelettet til dendrittiske celler?

Dings: Blod og eit mikroskop