Her står 60 nye statsborgarar

Framtida
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert hjå Porten.no. 

Sogndal: – Me er glade for at de valde akkurat vårt fylke, og me håpar de blir verande. For me treng dykk, sa fylkesmann i Sogn og Fjordane, Anne Karin Hamre.

Ho leia seremonien, som gjekk føre seg på Høgskulen på Vestlandet. 60 nye statsborgarar med familie og vener var på plass og fylte salen til randen – så mange var til stades at fleire måtte stå på sidene.

Og det var eit flott skode ettersom mange hadde kledd seg i drakter og klede frå heimlandet. Klemmar og smil vart utveksla når 60 menneske tek skrittet å bli norske, også formelt sett.

LES OGSÅ: Slik kan du bidra til betre integrering!

– De er med på å berika fylket vårt
At me treng mangfald og fokus på samhald var tema fylkesmann Hamre var innom i talen sin. Ho la også vekt på viktigheita av integrering og engasjement.

– Me har mange lag og organisasjonar som held aktivitetar. Alle kan bidra her. Og det er ein veldig god plass å læra norsk. Eit vanskeleg språk å læra, men det er viktig. 

Seremonien bestod først og fremst av at dei 60 nye statsborgarane gav truskapsløfte samstundes. Så fekk kvar og ein ei gåvebok og eit handtrykk av fylkesmann Hamre.

Innimellom var det song og tangentar av tilhøvesvis Bjørn Gisle Seter og Akiko Anazawa Seter. Sjølve seremonien vart avslutta med «Ja, vi elsker», der alle – både gjester og nye statsborgarar – song med. Deretter var det klart for ein større lunsj og fotografering av hovudpersonane. 


TALAR: Fylkesordførar Jenny Følling var gjestetalar. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Fylkesordførar Jenny Følling var gjestetalar, og snakka både om kor viktig det er med nye landsmann, og korleis den norske staten fungerer i grove trekk:

– De er med på å berika fylket vårt. Me slit med at mange ungdommar flyttar ut; de er viktige som arbeidstakarar, og det blir fleire born og ein rikare fellesskap i barnehagar og skular.

LES OGSÅ: Dette lærer flyktningar om norsk familieliv

– Ytringsfridomen står sterkt i Noreg
Så følgjer både plikter og krav med eit statsborgarskap.

– Nettopp pliktene er viktige å nemna på ein dag som i dag, dei heng veldig nært saman med statsborgarskapen. Vernepliktsteneste har ein til dømes plikt til å avleggja. Men ein kan ikkje krevja å ta verneplitktsteneste; dette er det Forsvaret sine behov som styrer. Og de har krav om grunnskule. 

Følling snakka også om ytringsfridom, både i politikken og som menneskerett.

– Ytringsfridomen står sterkt i Noreg; ein skal kunne ytra seg utan å bli straffa. I politikken ytrar politikarar ulike synspunkt, men det er alltid fleirtalet som vinn fram. Så er det mange kompromiss – mykje gi og ta – for å koma i mål. Slik er det ute i samfunnet også, det har de nok opplevd.

Fylkesordføraren avslutta med å gratulera dei nye statsborgarane:

– Toleranse og takhøgd er viktig. Og me er utruleg stolte av vår flotte natur, me håpar også de blir glade i den. Å bli statsborgar i eit nytt land er eit viktig skritt å ta. Me er samla her i Sogndal for å markera dette på ein verdig måte. Så eg vil ønskja dykk hjarteleg velkomne i den norske fellesskapen og gratulerer med dagen.

STATSBORGAR: Emmanouil «Manos» Markakis har budd i Noreg i nesten 20 år – laurdag vart han norsk statsborgar. Foto: Ole Ramshus Sælthun

– Eg skal bli pensjonist og gamal her 
Ein av dei som har lært seg å bli glad i den norske naturen er greske Emmanouil «Manos» Markakis.

– Eg kom til Noreg første gong i 1987. Og eg har likt Noreg heile tida sidan; samfunnet og naturen. Og eg likar å fiska.

Han bur på Kaupanger, jobbar i Posten og har vore ein del av det norske samfunnet i snart tjue år etter at han tok steget å flytta hit frå Hellas.

Men norsk statsborgar vart han først laurdag.

– Eg ønskjer å få stemmerett. Det er ei god samfunnsplikt å stemma ved val når ein er ein del av ein fellesskap. For eg skal bu her vidare, bli pensjonist og gamal her. Eg skal aldri flytta tilbake til Hellas.


SONG MED: Sogndalsordførar Jarle Aarvoll under «Ja, vi elsker». Foto: Ole Ramshus Sælthun

– Forskjellige ting i ryggsekken
Sogndalsordførar Jarle Aarvoll har kjent Manos, som alle i lokalsamfunnet kallar han, sidan grekaren flytte til Noreg på slutten av 90-talet.

Han legg vekt på at dei som kjem til landet og til slutt kanskje vel å bli norske statsborgarar, har ulik bakgrunn.

– Dei har forskjellige ting i ryggsekken. Det er interessant og kjekt å høyra historiene dei sjølve har – kva desse betyr for dei.

Aarvoll fekk seks nye statsborgarar i Sogndal laurdag, Leikanger fekk ti. Han merka seg Hamre og Følling sine ord om samfunnsengasjement.

– Det er viktig at ein som ny statsborgar engasjerer seg, men også viktig at ein får moglegheita til å engasjera seg.