MF Ivar Aasen har i eitt år servert reisande på Sognefjorden nyheiter og trafikkmeldingar frå Møre og Romsdal – på bokmål.

NPK
NPK

Bokmålsnyheitene blir levert av lokalavisa Romsdals Budstikke i Molde. MF Ivar Aasen har tidlegare vore i teneste i Møre og Romsdal, men har det siste året trafikkert trekantsambandet Dragsvik–Hella–Vangsnes i Sogn og Fjordane.

– Eg håper dei ikkje køyrer etter kart frå Møre og Romsdal òg, for da er det eit under at dei ikkje har køyrt på land, seier ferjepassasjer og nynorskforkjempar Jens Brekke til NRK.

Brekke meiner det er ei stor skam at skjerminformasjonen på ferja er på bokmål.

– For å snakke litt på båtspråket, dei har gått litt på grunn, seier han.

LES OGSÅ: Ivar Aasen får sin eigen Walk of Fame

Regionleiar Tor Kristoffersen i Fjord1 ser ironien i at ferja med namn etter opphavsmannen til nynorsk, språkforskaren Ivar Aasen, ikkje skal servere nyheiter og informasjon på nynorsk i nynorskfylket Sogn og Fjordane.

– Ferja har tidlegare gått i Møre og Romsdal, der vi hadde avtale med ein leverandør om å formidle nyheiter frå lokalaviser der. Dette har ikkje vorte oppdatert etter at fartøyet kom til Sogn og Fjordane, seier Kristoffersen.

Fjord1 har no ordna opp, og heretter skal passasjerane på MF Ivar Aasen få informasjon og trafikkmeldingar frå Sogn og Fjordane og på nynorsk.

LES OGSÅ: Ivar Aasen var si tids Mark Zuckerberg, skriv Magne Aasbrenn

Oppdatert: sundag 4. juni 2017 19.28

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE