Sjå klimafilmen med Thomas Hayes
– Me treng fleire som tek stilling, seier forfattaren av rapporten bak filmen.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Eg trur me klarar togradersmålet, seier Kasper.
Karakteren til Thomas Hayes viser til det internasjonale målet om å avgrense den globale oppvarminga til under to grader, som vart vedteke på klimatoppmøtet i Paris 2015.
Studie: Me har ikkje sjans til å nå 1,5 gradersmålet
Greenpeace-kampanje
Kortfilmen Fuck fossils tek føre seg kvardagen til ein vanleg norsk familie anno 2050. Verda har runda 9 milliardar innbyggjarar og temperaturen er i snitt éin grad varmare enn i dag.
Marianne Kleven har både manus og regi. Filmen er basert på Framtiden i våre hender-rapporten «En framtid du ikke vil ha» (pdf), og er produsert av selskapet Snöball med frå støtte frå Forskningsrådet sitt program Klimaforsk.
– Me håpar filmen vil ha ein tankevekkjande effekt hjå dei unge. Klima utviklar seg i ein veldig feil retning og det er ei enorm tregheit blant politikarane som må ta avgjerder for å snu dette, sa produsent Jonny Westernes til NRK.no i januar.
I samband med filmen lanserer Greenpeace underskriftskampanjen #Fuck fossils, med eit klimabrev til statsministeren.
«Det er et svik mot dagens unge dersom dere fortsetter å pumpe opp enda mer olje og gass,» heiter det i brevet.
Nasjonal digital læringsarena er også i ferd med å laga oppgåver til bruk i den vidaregåande skulen, basert på filmen og bakgrunnsmaterialet.
LES OGSÅ: Unge bryr seg meir om klima
Kor mange grader?
I filmen fortel Kasper at mykje har gått rette vegen etter 2025 og innsatsen til «Fuck fossils». Likevel, nyheitsbiletet i filmen fortel om ekstremvêr og ein situasjon der stadig fleire flyktar frå ubeboelege område i Nord-Afrika. Fleire dyreartar, som lundefugl, kvitval, fjellrev og villaks, er utrydda.
Rapportforfattar og leiar i Naturvernforbundet Hedmark, Thomas Cottis, understrekar at filmen viser «det beste våre barn kan håpa på».
Her er han einig med forskingsleiar i CICERO, Steffen Kallbekken, som har vore med i faggruppa for filmen.
– Det kjem til å verte to grader varmare i 2050 med den mengda klimagassar me slepp ut no, spørsmålet er om me klarar å unngå at det vert meir enn to grader varmare, seier Cottis.
Han understrekar også at dette avhengar av kva Noreg og resten av verdssamfunnet gjer no.
– Det er så enkelt at Noreg må kutte 2,5 millonar tonn klimagassar, noko som tilsvarar 5 prosent. Og me må gjere det no. Dei siste millionar tonna vert dei tyngste, difor er det viktig at me gjer det ordentleg frå starten, slik at me får betre tid, seier han.
Leiar i Naturvernforbundet Hedmark, Thomas Cottis, oppmodar ungdom til å stilla krav. Foto: Andrea Nøttveit
«Fossilgenerasjonen»
Cottis meiner at Noreg bør vera eit førebilete for resten av verda, men at «fossilgenerasjonen» har vist at dei ikkje er villige til å gjere desse kutta.
– Difor er det ungdommen, som skal ha barn som lever om 30 år, som må stille krav no – før det er for seint, seier Cottis, som er glad for å ha «Skam»-skodespelar Thomas Hayes med på laget.
– Eg har stor tru på at menneskjer med kjendisstatus og tillit i samfunnet går ut og flaggar tydeleg klimaansvaret, men me treng fleire som tek stilling, avsluttar han.
LES OGSÅ: – Oljeboring i nord er grunnlovsstridig, seier skodespelar og klimaaktivist Emma Thompson