1.391 skular lagde ned på 31 år

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

VG har samanstilt tal frå Utdanningsdirektoratet, Statistisk sentralbyrå og kommunane og sett på utviklinga sidan kommunanes inntektssystem vart endra i 1986. Sidan då er 1.391 skular og grunnskuletilbod lagde ned og 772 nye grunnskular starta. Mange kommunar vel å byggje ut større og sentrale skular.

Senterpartiveteran Per Olaf Lundteigen ser skulenedleggingane som ei stille skulereform, utan noka form for sentral forankring eller vedtak, der hans eige parti ikkje gjorde nok for å forhindre utviklinga. Når han plasserer politisk ansvar, legg han mesteparten på raudgrøne skuldrer.

– Ap har i større grad enn Høgre hatt regjeringsansvaret lengst i denne perioden vi her snakkar om. Men heller ikkje Senterpartiet kan fritakast for ansvar. Vi makta ikkje i regjeringsposisjon å reise nokon sterk offentleg kritikk mot dette, seier han.

Han får støtte for utsegna frå noverande partileiar Trygve Slagsvold Vedum.

Lundteigen anslår, utan å ville vere kategorisk, at på barnetrinnet kan ein tole å gå ned til rundt 15 elevar og likevel behalde ein skule der alternativet er ei reisetid på over ein halvtime.

LES OGSÅ: – Kortsiktig å legge ned skular, seier forskarar