Noreg har størst nedgang i talet på asylsøkjarar i Europa

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Noreg med størst asylnedgang

Mens rekordstraumen av asylsøkjarar til europeiske land heldt fram i fjor, hadde Noreg den største nedgangen i heile Europa. Frp er svært fornøgd med tala.

Nye tal frå Eurostat viser at 1,2 millionar asylsøkjarar kom til Europa i fjor. Det er nesten like mange som i rekordåret 2015. Samtidig aukar bunken av ubehandla søknadar til over 1 million ved utgangen av 2016.

Noreg tok i fjor imot i fjor 3.240 asylsøkjarar. Det utgjer 0,26 prosent av alle asylsøkjarar i 30 land i fjor.

– For første gong på mange år er ikkje Noreg lenger blant dei landa i Europa som tok imot flest asylsøkjarar, seier innvandringspolitisk talsmann i Frp, Mazyar Keshvari (bildet).

Størst nedgang
Frp har rekna seg fram til at Noreg gjekk frå 4.-plass i talet på asylsøkjarar per 1 millionar innbyggjarar i 2015 til 17.-plass i fjor. I absolutte tal fell Noreg frå 14.-plass i 2015 til 21.-plass i 2016 blant dei 30 europeiske landa i statistikken.

Den norske nedgangen frå 2015 til 2016 er på heile 89 prosent. Noreg slår så vidt Sverige (-86 prosent), Ungarn (- 84 prosent) og Finland (-84 prosent) i kampen om å bli det landet som har størst nedgang i asyltilstrøyminga.

Kroatia toppar den andre enden av skalaen med ein auke på heile 1.413 prosent i fjor til 2.150 asylsøkjarar. Tyskland aleine tok imot heile 60 prosent av asylsøkjarane i fjor og auka tilstrøyminga med 63 prosent til 722.265 asylsøkjarar i fjor.

Innstrammande effekt
I ei pressemelding tar Mazyar Keshvari Eurostats nye statistikk som ein solid dokumentasjon på at Frps innvandringspolitikk har hatt ei klart innstrammande effekt.

– Frps innvandringspolitikk har gitt eit strengare lovverk, men har også sendt signal om at det berre er reelt forfølgde personar som får opphald, seier Keshvari.

Nesten ein tredel av asylsøkjarane som kom til Europa i fjor, kom frå Syria, mens Pakistan, Afghanistan og Irak følgjer på dei neste plassane.

(©NPK)