Der møter han både bygdedyret og gamle skrømt. 

NPK-NTB – Veronica Karlsen
NPK-NTB – Veronica Karlsen

Regissør Jorunn Myklebust Syversen sender Anders Baasmo Christiansen langt inn i dei djupe skogar i den nye filmen "Hoggeren".

– Eg har alltid vore fascinert av små miljø. Og bygda er ikkje så framståande i norsk film, seier Syversen i møte med NTB.

Kort fortalt handlar langfilmdebuten hennar om Anders (spelt av Anders Baasmo Christiansen), som voks opp i Rukkedalen. Etter 20 år i Oslo vender han tilbake som ein knust mann.

Anders prøver å finne fotfeste i naturen, gjennom mellom anna å hogge laus på tre og skog. Men han er ingen skogsarbeidar, og snart innhentar fortida han i form av nærgåande slektningar og gamle skrømt. Onkelen opplever til dømes Anders si traktering med øks i skogen til familien som rein vandalisme.

– Det er ei lita forteljing der stemning, musikk og natur er like viktig som sjølve grunnhistoria, seier filmskaparen og kunstnaren, kjent for å utforske menneskeleg frykt for det meiningslause.

– Ein bygdekomedie? Nei. Dette er like mykje eit skråblikk på dei intellektuelle og bokkunnige som begynner å drøyme om – og romantisere naturen. Og djupast sett er det jo ein film om ein person som ikkje har lykkast med å innfri forventningane frå samfunnet.

LES OGSÅ: Trio-regissør: – Det vart ein del halsbrekkande scener


Anders Baasmo Christiansen får et ublidt møte med hjembygda i "Hoggeren". Foto: Mer Film

Hyra onkelen
Filmen tematiserer også at kunnskap om foredling av naturressursar er på veg ut.

– Lenge har ikkje gamle handverk vore sett på som "fint", og kvar er vi på veg då? Samtidig opplever kanskje dei som vil studere, drive med kunst eller andre mindre handgripelege ting, mistenkeleggjering frå opphavet. Eg lét begge desse haldningane få komme til uttrykk, personleg meiner eg vi både treng dei med utferds- og studietrong, og dei som vil ta over familiegarden, eller jobbe med skogbruk.

Det er liten tvil om at regissøren lar Anders møte bygdedyret. Vel heime i Rukkedalen blir han konfrontert med draumen han hadde, om å bli forfattar, og han får høyre at han er ein idiot når han prøver seg på trehogst. Og dét av onkel til filmskaparen sjølv.

– Det var under ein middag hos tante Inger Grethe og onkel Bjarne at eg fekk ideen. Dei gav meg ein del motstand då eg fortalde om filmprosjektet mitt, og plutseleg slo det meg: Dette var den motstanden eg ville la Anders møte når han vender tilbake! Dermed blei vegen kort til å spørje tante og onkel om dei ville spele tante og onkel i filmen. Sporty som dei er takka dei ja.

Stigma
Også fetter Terje Syversen har ei rolle. Han spelar ein svært pågåande og omgjengeleg mann som vil ha med Anders i den vesle salsverksemda si.

– Anders føler seg fanga. Han er ein mann som har gjennomlevd noko forferdeleg, men i staden for å møte forståing, så møter han folk som trur dei veit kva som skal til for at han skal kunne reise seg att. I søkinga vår etter sanning og meining blir det lett til at vi avgrensar og stigmatiserer kvarandre.

I filmen har også skodespelar Benjamin Helstad ei rolle som den unge sonen til nevøen. Han tar Anders med på party på Pers Hotel på Gol, noko som blir ei mørk affære for vår mann – som jo strengt tatt berre vil vere i fred.

– Men eg håper også folk får med seg humoren i filmen. Vi hadde det veldig moro då vi spelte inn "Hoggeren", tonen var lys og lett. Kunststykket var å la amatørskodespelarane spele nokre som var tett opptil dei sjølv.

Syversen fortel at tanta og onkelen blei ganske letta då dei fekk sjå den ferdige filmen.

– Dei såg ein film som er meir tilgjengeleg enn dei hadde frykta.

Om kvifor vi skal sjå filmen, seier regissøren:

– Strengt tatt er vi alle frå bygda, og eg trur dei aller fleste vil kjenne att både karakterar og situasjonar i "Hoggeren".

LES OGSÅ: Lagar du den beste skrekkfilmen?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.15

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE