Tenåringar tek etter pillebruken til foreldra
Det er ein samanheng mellom korleis foreldra brukar reseptfrie smertestillande legemiddel og forbruket til tenåringsbarna, viser ein ny norsk studie.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Tenåringar brukar piller som foreldra
Studien viser også at kvinner og tenåringsjenter brukte meir av slike legemiddel enn menn og tenåringsgutar.
– Vi påviser at barn som ikkje sjølve er plaga av hovudverk tek til seg foreldra sin måte å bruke smertestillande på og dei fekk tilsynelatande ein lågare terskel for å ta reseptfrie smertestillande preparat, seier UiO-professor Christofer Lundqvist til Dagens Medisin.
Dei smertestillande legemidla som blir brukte er stort sett Paracet (paracetamol) og Ibux (ibuprofen), fortel Lundquist.
– Desse medisinane er jo lett tilgjengelege i butikken rundt hjørnet. Eg tenkjer at farane ved overforbruk er ei oppgåve for helsetenesta og skulehelsetenesta å informere om, seier Lundqvist.
Nyleg melde Folkehelseinstituttet at stadig fleire unge jenter blir forgifta etter overdosering av paracetamol.