Om lag 6900 norske studentar tok utvekslingsopphald som del av utdanninga i 2016. Det svarar til ein auke på sju prosent frå året før.

NPK
NPK

Fleire studentar vel å studere i Europa, men færre vel utanlandsopphald i USA, dette skriv Senter for internasjonalisering for utdanning (SIU) på sine heimesider.

– Økonomiske faktorar spelar heilt klart inn. At den norske krona fell, betyr at det blir dyrare å studere i land som USA, der skulepengane ligg høgt og levekostnadane ikkje er spesielt låge. I ein slik situasjon verkar Europa som meir freistande for mange, seier Vidar Pedersen, avdelingsdirektør på SIU.

Det er hovudsakleg utvekslingselevar med Erasmus-stipend som står for auken. Erasmus står i ei særstilling. Med ein Erasmus-avtale mellom ein norsk og europeisk lærestad, er det ikkje lov med skulepengar. Samstundes får studenten Erasmus-stipendet i tillegg til vanleg stønad frå Lånekassen, ifølgje SIU.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.15
ANNONSE