Høgre vil ha pils i park og sterkare øl i butikk


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Høgres landsmøte vil la folk få nyte øl i parken og kjøpe litt sterkare øl i butikken.
To endringsforslag til programmet blei vedteke på landsmøtet fredag. Partiet går no inn for at det ikkje lenger skal vere forbode å drikke alkohol i parken, og at øl med eit alkoholinnhald på 5,5 prosent skal kunne kjøpast i butikk.
Vedtaka blei tekne imot med jubel blant mange landsmøtedelegatar som hadde hatt ein lang fredag i konferansesalen på Gardermoen.
Redaksjonskomiteen meinte forslaga burde avvisast, men fleirtalet ville noko anna. Torbjørn Røe Isaksen, som leidde arbeidet med å skrive forslaget til partiprogram, synest ikkje å ta det tungt at fleirtalet ønskte ein meir liberal alkoholpolitikk enn programkomiteen opphavleg føreslo. Han nøgde seg med å påpeike at «pils i park» kanskje måtte omformulerast litt.
Eit forslag om å utvide salstidene for alkohol blei avvist.
(©NPK)