Paracetamol-overdosar aukar blant unge jenter
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Paracetamol-overdosar aukar
Giftinformasjonen i Folkehelsa fekk totalt 1.667 meldingar om forgifting der paracetamol var hovudverkestoffet. Godt over 200 av meldingane gjaldt unge jenter. Talet er meir enn dobla dei siste ti åra og meir enn åtte gonger så høgt som for jamaldrande gutar.
– I 170 tilfelle vart det i fjor tilrådd å oppsøke sjukehus. Dette synest vi gir grunn til bekymring, seier avdelingsdirektør Mari Tosterud i Giftinformasjonen.
Folkehelsa ser dei aukande tala av paracetamolforgifting hos unge jenter som særleg urovekkjande ettersom det i stor grad dreier seg om sjølvpåført forgifting, enten i form av sjølvskading eller som eit rop om hjelp. I fjor gjaldt dette tre av fire av dei melde tilfella.
Også blant vaksne er det fleire enn før som ringjer til Giftinformasjonen om overdosar av paracetamol. Sjølvpåførte tilfelle utgjorde i 2016 om lag 60 prosent av dei registrerte tilfella, og tre av fire forgiftingsmeldingar gjaldt kvinner.
Folkehelsa registrerer samtidig at dei ikkje ser den same auken for det smertestillande stoffet ibuprofen, som til liks med paracetamol kan kjøpast utan resept utanom apoteka.
LES OGSÅ: Éi av fem unge jenter slit psykisk