mm

Så lenge eg kan hugse har eg kalla meg sjølv for feminist.

Det å gje seg sjølv ein slik merkelapp har ikkje alltid vore enkelt. Som ei kvinne som engasjerer seg, møter eg mykje motstand, spesielt om eg fortel at eg er feminist.

«Er du ein slik femi-nazi du, eller?» spør dei gjerne. «Me er jo jamstilt i Noreg allereie,» seier dei kanskje.

Eg forstår kva dei meiner, fordi dagens samfunn er eit meir jamstilt samfunn enn det var for berre nokre tiår sidan.

Både menn og kvinner har røysterett, alle har same rett til ei utdanning, og båe kjønn tek ut foreldrepermisjon for å vere saman med borna sine.

Likevel meiner eg at jamstillinga i Noreg, samt resten av verda, ikkje er komen så langt som den kunne ha gjort.

Når èi av ti jenter i Noreg har opplevd valdtekt, når det framleis er land der kvinner ikkje får lov å gå på skule, eller når det framleis vert diskutert kva èi jente gjekk med då ho vart utsatt for overgrep, er det noko som ikkje er som det skal.

Det er av nettopp denne grunnen eg kallar meg for feminist. Me kan ikkje berre sitte å vente på jamstilling, me må kjempa.

8. mars er den internasjonale kvinnedagen. I dag kjem fleire hundre tusen kvinner over heile verda til å kjempe. Om ein kjempar for retten til ei utdanning, mot kvinnesynet til Donald Trump, eller mot skjønnheitstyranniet her i Noreg, så er det same kampen. Som medsystre står me saman, og me held motet oppe.

Sjølv feirar eg dagen på Stord. Eg vil oppmoda elle til å ta turen på deira lokale arrangementet!

Gratulerer med dagen kjære medsystre. Me gir oss aldri!

LES OGSÅ: – Feminisme er likestilling for alle kjønn

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.15

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE