Fråværet drastisk redusert

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Ryfylke

Elevfråværet i første termin dette skuleåret hadde samanlikna med førre skuleår ein prosentvis nedgang på 20,6 prosent for dagsfråværet og 32,8 prosent kva gjeld timefråværet.

Førre månad samla TV 2 inn tal frå fleire fylker i landet, som viser at tendensen er den same.

Lisbet Bakka Hjorth er administrasjonsleiar ved Sauda vidaregåande skule. Ho understreker at tala ikkje er fullt ut samanliknbare då tala for dette skuleåret ikkje er endelege. Det betyr at nedgangen i fråvær kan bli endå større.

– Grunnen er at tala me opererer med for tidlegare skuleår er opp- og avgjort, medan det ikkje gjeld tala for dette skuleåret. Har ein til dømes elevar med veldig høgt fråvær som sluttar i mars, så forsvinn fråværet saman med eleven ut av systemet, sjølv om det nå er registrert for hausten, forklarer Hjorth.

Les meir om fråværsgrensa her!