NPK-NTB
NPK-NTB

Meir enn kvart fjerde dødsfall blant barn under fem år kjem av ureint drikkevatn, luftforureining, passiv røyking og dårleg hygiene, ifølgje to nye rapportar frå Verdshelseorganisasjonen (WHO).

– Eit forureina miljø er eit dødeleg eitt, særleg for dei små barna, seier WHO-direktør Margaret Chan.

Rapportane slår fast at forureinande faktorar har skulda for 1,7 millionar dødsfall blant småbarn kvart år.

Organa og immunforsvaret til barn er framleis ikkje ferdig utvikla, i tillegg til at luftvegane er trongare og kroppane små. Samla gjer det dei minste barna ekstra sårbare for skite vatn og forureina luft, som igjen leier til nokre av dei vanlegaste sjukdommane med dødeleg utgang for barn.

Nokre av dei vanlegaste dødsårsakene er diaré, lungebetennelse og malaria, og alle kan førebyggjast med tilgang til reint vatn. Ein reknar med at rundt 570.000 barn under fem år kvart år døyr av luftforureining og passiv røyking, mens 361.000 døyr av diaré på grunn av skite drikkevatn og dårleg hygiene.

Ytterlegare 270.000 babyar døyr i den første levemånaden på grunn av forureining, både i luft og tilskitna miljø.

Lær meir om malaria – sjukdommen me ikkje blir kvitt.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.15

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE