Stortinget seier nei til å greie ut eit tredje kjønn


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Eit stortingsfleirtal med Høgre, Frp, KrF og Senterpartiet seier nei til forslaget om å greie ut om eit tredje kjønn.
Dermed får ikkje forslaget til Ap fleirtal, skriv Dagen.
Ap har foreslått å be regjeringa om ein ny handlingsplan for LHBTI-feltet. LHBTI står for lesbiske, homofile, bifile, trans eller med atypiske kjønnskategorisering (intersex).
Det siste, men mest omdiskuterte punktet i planen gjekk ut på å greie ut og innføre ein tredje kjønnskategori, «hen».
– Ikkje uventa, uttalar Forbundet for transpersonar til Dagen. (©NPK)
LES OGSÅ: – Eg vil ha eggstokkar og vera mann