Krev gransking.

mm

Tv2 melde sundag kveld at eit ukjent tal barn og unge i Noreg kan ha fått diagnosen lett psykisk utviklingshemma – utan at dei er det.

No krev Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon at det blir sett ned ein gransingskommisjon for å gå gjennom saka.

– Me fryktar det har hatt dramatiske konsekvensar for dei det gjeld, seier Lilly Ann Elvestad, generalsekretær i Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO). Ho stiller spørsmål om kva for konsekvensar testresultata har hatt for desse borna.

I fleire år fram til 2009 vart IQ-testen WISClll brukt av PP-tenesta og Barne- og ungdomspsykiatrien for å greia ut blant anna lærevanskar. No viser det seg at testen har feil, og konsekvensen kan vera at fleire born og unge kan ha vorte feildiagnostisert.

Elvestad meiner Helsedirektoratet må ta desse opplysningane på alvor.

– Styresmaktene må setja i gang omfattande gransking og få eit oversyn over omfanget, seier Elvestad.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.15

Kommentarar

ANNONSE