Forskarar ved Universitetet i Bergen har undersøkt kva som skjer med fisken når oksygennivået blir lågare.

NPK
NPK

Fisken i havet har vorte mindre, og til no har forskarane meint at årsaka låg i dei kommersielle fiskeria. Ifølgje ein ny norsk studie kan minkande mengder oksygen i verdshava spele ei større rolle.

For oksygeninnhaldet i havet minkar i akselererande fart, viser ein studie som er gjort ved Universitetet i Bergen (UiB). Forskarane har undersøkt kva som skjer med fisken over tid når oksygennivået blir lågare, og den effekten var overraskande stor.

– I første omgang er det ikkje dødelege konsekvensar, men det hemmar vekst og gytealder. Dette kan få konsekvensar for fiskeria og produksjonen, seier professor Jeppe Kolding ved UiB til NRK.

– Fisken i havet lever allereie på grensa. Dei lever under forhold med lite oksygen, og små utslag i havet får mykje større konsekvensar enn det hadde gjort på land, seier han.

LES OGSÅ: Norsk torsk har plast i magen

Kan bli eit problem for torsken
Tidlegare har forskarane meint at det systematiske fisket på den største og beste fisken, har ført til at gjennomsnittsstorleiken har gått ned. Når dei største fiskane blir fiska opp, forsvinn òg dei "gode genane" frå bestanden.

Forskar Svein Sundby ved Havforskingsinstuttet trur òg at mindre oksygen i havet kan påverke veksten hos ulike artar, men han ser ingen grunn til å frykte alvorlege problem med det første.

– Alle fiskar har sine optimale oksygenforhold. Eg ser ikkje for meg at det blir så låge oksygennivå at torsken får problem, men viss oksygennivåa i verdshava held fram med å minke over lang tid, kan det bli eit problem, seier Sundby til NRK.

Han forklarer at havet i norske farvatn normalt er rikt på oksygen, men at det kan variere med utskifting av vassmassar.

LES OGSÅ: Gullfisk er sjåfør for eigen tank

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.15

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE