Kvifor er det sosialt akseptert å vere nedlatande mot nynorskbrukarar, undrar Hannah Kolås.

Hannah Kolås
Hannah Kolås
Faktaboks

Hannah Kolås er frilansjournalist og tilsett i Norsk Målungdom. Nyleg ferdig med ein bachelor i journalistikk ved Mediehøgskolen Gimlekollen.

LES FAKTALUKK FAKTA

Folkeskikk.

Eit konsept dei fleste er inneforstått med. Dei aller fleste er som regel høflege og hyggjelege mot andre medmenneske. Ein gir gjerne setet sitt til eldre på bussen. Helsar tilbake til personen i kassa. Held døra open for personen som kjem gåande bak de

Sjølvsagt finst det augneblink der folkeskikken vert lagt til sides, fordi situasjonen tilseier at det trengst. Det er forståeleg å banne til bilisten som bryt vikeplikta. Eller å sukke stille når nokon snik framfor deg i køa.

Grunnen til at eg tek opp dette er fordi eg arbeider i Norsk Målungdom. Der står vi ofte på stand på vidaregåande skular, universitet og høgskular for å fortelje kven vi er og kva vi gjer. Det er veldig kjekt å møte nye menneske, forklare kva vi driv med og å hamne i spanande diskusjonar.

Heilt til det kjem eit menneske tilsynelatande blotta for folkeskikk.

Innafor å vere frekk
For ein eller annan stad på vegen har det visst blitt heilt innafor å vere frekk i større eller mindre grad i møte med folk som har eit forhold til nynorsk. Ein skulle nesten tru at det for nokre nærast har blitt påbudt å ironisk distansere seg til alt som har med nynorsk å gjere. Som om du mistar all respekt frå omverda om du blir observert med eit positivt toneleie i ein diskusjon som omhandlar nynorsk.

La meg ta nokre dømer på scenarioer som har oppstått når mine kollegaer og eg har stått på stand for Norsk Målungdom:

     1) Person kjem gåande mot standen. – Skal vi sjå kva du har he…. Nei nynorsk, hahaha, DET vil eg ikkje ha noko av

     2) Hei! Vil du ha ein nynorskbutton? – Eehhh, hehe, nei nynorsk er det verste eg veit, så DET klarer eg meg utan.

     3) Nynorsk?! Skriv folk det?!

Ja. 600 000 nordmenn skriv nynorsk. Så kvifor vi til tider blir behandla som om vi er smittefarlege eller ei utrydningstrua folkegruppe er for meg uforståeleg.


Hannah Kolås (t.v.) og Synnøve Marie Sætre frå Norsk målungdom, på målferd på Skeisvang vidaregåande skule i Haugesund. (Biletet er brukt som eit illustrasjonsfoto, og har ikkje samanheng med hendingane omtala i dette innlegget) Foto: Skeisvang vidaregåande skule

Kor ofte ser du eigentleg nokon rope etter ein Amnesty-tilsett på gata? “Nei du, HAHA, det er eg faktisk ikkje interessert i i det heile teke!! Skal du redde verda du da??”

Eller: “Om eg vil støtte Røde Kors? Nei du, eg har VERKELEG viktigare ting å bry meg om!”

Nedlatande blikk
Misforstå meg rett; eg meiner ikkje at det ikkje er lov å vere kritiske mot Norsk Målungdom, eller andre organisasjonar for den saks skuld. Og sjølvsagt tåler vi (og set pris på!) kritikk. Men eg stiller spørsmål ved kvifor det nærast er blitt ein kultur for å vere frekk mot nynorskbrukarar. Kvifor synest så mange at det er heilt greit å gi eit nedlatande blikk, himle med auga eller le i møte med folk som skriv nynorsk?

Historier om målungdommar som har blitt skjelt ut på trikken fordi dei har nynorskbutton på jakka, eller folk som har blitt håna av medstudentar på grunn av målforma si er dømer på haldningar som ein skulle trudd var avleggs.

Desse haldningane kjem med jamne mellomrom også til syne i media. Offentlege debattar om språkstoda i Noreg er grunnleggjande viktig og naudsynt, men når det kjem til nynorskkritikk så verkar det som det kjem litt enklare gjennom nålauget enn andre tema. Ofte kan det vere debattinnlegg som ikkje er basert på fakta, eller i verste fall feil fakta, og kva verdi har det?

Hadde eg fått eit debattinnlegg som omhandla innvandring på trykk i ei avis om det ikkje inneheldt korrekte fakta? Neppe. Så kvifor er det gjentakande når det gjeld nynorsk? Kollektivt og sosialt akseptert hat er nok dessverre noko av svaret på det.

Du må gjerne vere kritisk eller ha ei anna meining enn oss, men ver litt hyggjeleg då. Eg ville berre gi deg ein nynorskbutton, ikkje klamydia.

LES OGSÅ: Tiårsrekord i medlemstal for målungdommen

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.15

Kommentarar

ANNONSE