Vil teste skuleuniform i Trondheim

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil ha skuleuniform i Trondheim

– Vi ønskjer å styrkje respekten mellom elev og lærar, og ikkje minst elevane i mellom. I tillegg så er det mange barn som blir mobba grunna klespress, og dette kan vere ei løysing, seier Kristian Kahrs, fylkesleiar for Demokratane i Sør-Trøndelag til NRK. No leitar dei etter barne- og ungdomsskular som kunne tenkje seg å vere med i testprosjektet som han håpar kan ta til allereie til hausten.

Det politiske partiet Demokratene avgjorde på landsmøtet sitt at dei vil ha eit prøveprosjekt med skuleuniformer på skular i Trøndelag.

LES OGSÅ: Titusenvis av elevar blir mobba

Bakover i tid
Fylkesleiar i Utdanningsforbundet i Sør-Trøndelag, Hans Lieng, stiller seg ikkje like positiv til forslaget. Han meiner at vi går bakover i tid, og ved å innføre skuleuniform vil ein berre forflytte mobbeproblemet.

– Dei som mobbar vil alltids finne ulikskapar dei kan mobbe, enten om det går på hårfarge eller mobiltelefonar, seier han. Han meiner likevel at uniformer kan ha eit positivt formål ved at det vil dekke over sosiale forskjellar.

Dei fleste ungdommane NRK har vore i kontakt med stiller seg negative til forslaget. Mange ønskjer å gå med sine eigne klede, men likevel er det nokre som stiller seg positive til forslaget.

Mindre press
– Eg trur nok det kunne bidratt til mindre merkepress i skulen, så eg hadde ikkje hatt noko i mot det, seier Ingrid Hybertsen Waade.

Varaordførar i Trondheim Hilde Opoku trur ikkje at Demokratane vil få gjennom forslaget sitt. Ho forklarer at dei ikkje ønskjer uniformering fordi mangfald er viktig, og at klede seier mykje om identiteten til barna.

– Dessutan så ser eg ikkje at det er klargjort korleis dette skal finansierast, og vi veit frå andre land som har innført dette, at det kan by på store utfordringar dersom foreldra må betale det sjølv, forklarer ho.

LES OGSÅ: Fleire saker om grunnskulen