Fredspris frå Lora til Libya

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka vart først publisert i Vigga.

Da Håkon Noren (22) frå Lora flytta til Trondheim for å studere filosofi hausten 2015 hadde han knapt høyrd om ISFiT (International Student Festival in Trondheim). Ikkje lenge etter var han teken opp i styret, og denne helga krona han verket med utdeling av Studentenes fredspris til Hajer Sharief.

Hardt, men givande arbeid
– Eg hadde vore på kikk etter noko nytt å engasjere meg i, etter at eg ikkje lenger hadde moglegheit til å vere like aktiv i Oppland AUF. Rett etter fadderveka kom eg i prat med Amal, som er tematisk leiar i ISFiT, minnast Noren. 
Han let seg overtale, og Håkon søkte kort tid etter om å bli leiar for Studentenes fredspris, ein eigen seksjon i ISFiT. 

Gjennom sitt engasjement har Håkon Noren fått æra av å besøke årets vinnar, Hajer Sharief. Eit spennande og omfattande prosjekt, i og med at ho lev i skjul av omsyn til eigen sikkerheit i kjølvatnet av sine handlingar. Han har og fått lov til å møte, og jobbe i lag med den forrige vinnaren, Aayat Alqormozi. Ho mottok prisen i 2015 etter at ho 23 år gamal vart dømd til fengsel for ulovlege ytringar mot regimet i heimlandet Bahrain. 

Noren har og fått med seg ein tur til New York, møter med den norske FN-delegasjonen, oppstart av eit fredsprosjekt i Øst Timor, og han har vore tilstade under utdelinga av Nobels fredspris i to år. Opplevingar som er få forunt, men som likevel bleiknar mot kjensla av å sjå at ISFiT og Studentenes fredspris fungerer, meiner Noren.

LES OGSÅ: Verda blir mindre fri

Hajer Sharief fekk årets pris
Årets vinnar – den tiande i rekka – er Hajer Sharief (23) frå Libya. Sharief opplevde bombene og borgarkrigen i Libya i samband med den arabiske våren i 2011. Etter det har den unge jusstudenten bidrege aktivt til inkludering av kvinner i fredsbyggande arbeid. Ho har, trass sin unge alder, bygd opp ein eigen organisasjon i heimlandet, og jobbar no saman med både Kofi Annan og Ban Ki-moon. 

Sharief står bak nettverket «Together We Build It» i Libya. Ved å ta initiativ til dialog og samling av ulike grupperingar i eit ustabilt land, har ho jobba med alt frå lokalt organisasjonsarbeid på bakkenivå, til internasjonalt engasjement mellom anna i FN. Der sit ho i ei arbeidsgruppe som skal vidareutvikle sikkerhetsrevolusjon 2250 om Unge, fred og sikkerhet.

Noren meiner arbeidet med ISFiT er særs viktig. 

– Vi får 460 studentar frå 107 ulike land til å møtast og snakke saman om diskriminering. Eg trur dette utvidar horisonten til både deltakarane og dei rundt 500 frivillige som er med å organisere dette. For å ikkje tale om alle vertene i Trondheim som har deltakarar som bur heime hjå seg, seier han.

Les meir i papiravisa til Vigga. 

LES OGSÅ: Fred i Colombia – steg for steg

Faktaboks

ISFIT (International Student Festival in Trondheim)

– ISFiT ble første gang arrangert kort tid etter Berlinmurens fall, for 25 år sider

– Møter mellom unge europeere ble ansett som viktig fro Europas fremtid.

– I dag er ISFiT verdens største internasjonale studentfestival, og samler i år 450 studenter fra hele verden.

– Over 400 frivillige studenter i Trondheim er med

– ISFiT er en arena hvor studenter fra hele verden møtes til diskusjon, debatt, kultrelle opplevelser og nettverksbyggig for å kunne håndtere konflikter lokalt, nasjonalt og internasjonalt som fremtidens ledere.

– ISFiT blir kvart andre år bygd opp frå botn av, ved at Storsalen på Studentersamfundet vel ein president, som så tek opp eit styre.