Framtida.no søkjer journalistar, nyhendeleiar, sommarvikarar og skribentar

Me søkjer etter idérike og kontaktskapande journalistar med god, nynorsk språkføring.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Framtida.no er i vekst og søkjer ein journalist som vil skriva for ei nysatsing for barn og ein journalist/nyhendeleiar for Framtida.no.

Me søkjer òg etter sommarvikarar, skribentar og frilansarar som vil laga god og spennande journalistikk om politikk, utdanning og kultur for ungdom.

Me søkjer etter idérike og kontaktskapande journalistar. Du er god til å samarbeida, har gode allmennkunnskapar og følgjer med i nyhendebildet.

Du har god bildeforståing, meistrar foto og enkel video, og er god til å skriva og formidla for born og unge. Du har god, nynorsk språkføring og arbeider sjølvstendig.

Me tilbyr ein utfordrande jobb med stor fridom i eit lærerikt miljø – der du får høve til å finna nye måtar å fortelja historier på.

JOURNALIST TIL BARNESATSING
Arbeidsoppgåver: leita fram, skriva og formidla nyhende og faktaartiklar for born mellom 7 og 12 år.

Journalistisk erfaring på nett er ein klar fordel. Erfaring som lærar er òg positivt.

Stillinga er eit engasjement i 100 prosent stilling i eitt år, men kan forlengast. Les meir om barnesatsinga HER.

JOURNALIST/NYHENDELEIAR
Dei viktigaste arbeidsoppgåvene blir å leia redaksjonen til Framtida.no i Oslo og leita fram og skriva viktige nyhende for unge mellom 15 og 25 år, deska og formidla sakene våre til fleire lesarar.

Journalistisk erfaring på nett er ein klar fordel.

SOMMARVIKARAR
Arbeidsoppgåver: leita fram, skriva og formidla nyhende for unge mellom 15 og 25 år.

Journalistisk erfaring på nett er ein fordel, men kan bli kompensert for gjennom ein kombinasjon av relevant utdanning og samfunnsengasjement gjennom frivillig arbeid.

SKRIBENTAR
Me søkjer òg etter skribentar som kan vera med på å skapa debatt.

Spørsmål om stillinga kan rettast til Svein Olav Langåker, redaktør Framtida.no, 94875365

Søknadsfristfor alle utlysingane: 12. mars.

Søknad med cv og gjerne nokre arbeidsprøver kan du senda til svein@framtida.no

Les gjerne òg den redaksjonelle rapporten vår for 2016!