Ungdomsorganisasjonen er opprørt over situasjonen for barn som forsvinn frå asylmottak.

mm

625 einslege mindreårige asylsøkarar forsvann frå omsorgssenter og asylmottak i Noreg mellom 2008 og juni 2015, ifølgje ein ny rapport.

Leiar i Press – Redd Barna Ungdom, Karoline Steen Nylander, har fleire gonger tidlegare tatt opp forholda for einslege mindreårige asylsøkjarar.

– Rapporten konkluderer med at forsvinningar mest sannsynleg vil halda fram, så lenge einslege asylsøkande barn får mellombels opphald. Dette er ein nærmast tortur-liknande situasjon for barn i ein veldig sårbar livssituasjon, seier ho til Framtida.no.

LES SAKA: Ny rapport: – Ingen har ansvar for forsvunne barn

Ikkje tilstrekkeleg med ressursar
Nylander legg til at det kjem tydeleg fram at lokalt tilsette som har med desse borna å gjera i kvardagen, er fortvila, men at førebygginga ikkje får tilstrekkeleg med ressursar.

– Rapporten fokuserer på kva som må blir gjort etter at barnet har forsvunne, det er eit steg i rett retning og eg håpar alle etatar tek forslaga på alvor. Det me derimot saknar er eit større fokus på korleis me kan hindra forsvinningar.

Nylander oppfordrar Stortinget til å ta tak i spørsmål om einslege asylborn og korleis samfunnet behandlar desse barna.

– Med dagens politikk skaper me ei gruppe ungdom som står utanfor samfunnet og ofte tyr til kriminalitet, narkotika og ein usikker og utrygg kvardag, seier ho.

Til Framtida.no fortel statssekretær Torkil Åmland (Frp) i Justis- og beredskapsdepartementet at dei ikkje ønskjer å fjerna mellombels opphald eller la barnevernet få ansvaret for alle under 18 år.

Les meir om asylbarna

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.15

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE