Eg heiar på deg, skriv Rikke Næss. 

På mange ulike måtar strekk ikkje nokre folk til, uansett kor hardt dei vil, prøver og kjempar. Nokre har ei eller fleire funksjonshemmingar som utfordrar dei i kvardagen, og som gjer at dei ikkje kjenner seg like verdifulle som andre, at ikkje strekk til i eit «A4-liv».

Eg kjenner ei tøff jente som har hatt so mykje hell i uhell. Som har vore so beinhard, som har stått på, som har higa etter dette A4-livet, som har prøvd å pressa seg inn i det normale mønsteret, og lukkast med det – for denne jenta her ga ikkje opp.

Les også Rikke Næss sitt innlegg om det skumle vaksenlivet!

Å streva etter å vera "like bra"
Denne jenta kom av og til gråtande til mor si fordi ho ikkje passa  inn, ho var ikkje som dei andre. Ho ville lesa like fort, springa like raskt, skriva like fint og konkurrera med vennene i klassen. Ho ville vera med på alt, strekka til på alle kantar. Ho prøvde og prøvde heilt til ho sat med tårer i augene, strevde etter å vera "like bra", vera lik, rett og slett.

Men denne jenta har vore gjennom so mykje. Ho har greidd so mykje, fått til so mykje, vore sterkare enn nokon eg kjenner. For denne vetle jenta fekk funksjonshemmingar som resultat av blant anna slag og sjukdom. Dette gjorde at denne vesle jenta ikkje lærte like fort. Utviklinga hennar stoppa liksom opp for ei stund. Vennene hennar hadde lett for å gløyme dette av og til.

Som storesyster som levde tett på denne vetle jenta, såg eg at det var lett for andre å le vekk funksjonshemmingane. Det var lett å gløyma det ho som funksjonshemma hadde vore gjennom. Men det var óg lett å bli stempla for nettopp dette. Ho vart stempla som annleis. Likevel skulle ho, ville ho, måtte ho.

Les også innlegget: «Psykisk helse er viktig – ta vare på kvarandre!»

Viljestyrke
Aldri ga ho opp for desse hemningane ho hadde, som gjorde at ho ikkje var på likt nivå som vennene sine. Ho måtte byggja seg opp att på nytt; ho måtte læra seg ting meir enn ein gong. Men det gjekk jo fint. Det fekk ho til, for viljen hennar har aldri vore i vegen for ynskjer hennar. Tross funksjonshemmingar har ho  bein i nasa, er bestemt og viljesterk.

Det å føla seg annleis gjer noko med ein. Ein må alltid ha i tankane at ein er minst like verdifull som alle andre. Vetlesystra mi har lært meg nokre fine og gode ting i livet; ein kjem langt berre ved å jobba på, vilja, tørra, og å stå på. Kjempar ein hardt nok, går det seg til. Ting tek tid, men med tålmodigheit når ein fram dit ein vil.

Som regel.

Og når ein ikkje dit ein vil – prøv endå litt til. Og endå ein gong til, for ein lærer berre av prøving og feiling. Eg heiar på alle der ute som møter utfordringar kvar dag, og som ikkje gir opp – og heller ikkje har planar om det.

LES OGSÅ: «Noreg, eit sorteringssamfunn?»

Dei små gledene
Eg har ikkje opplevd å leve med funksjonshemmingar sjølv, men gjennom mi syster har eg sett at det gjer noko med synet på livet; ein ser rikare på verdiane, er gjerne meir takksam for dei små gledene i livet og feirar dei små måla – som so mange overser og gløymer.

Funksjonshemmingar kan vera forskjellige, med ulike utslag og konsekvensar. Jenta eg kjenner har som sagt hatt hell i uhell. For både den ramma og familien kan dette gje ein so mykje å lære. Å leva med utfordringar i kvardagen er diverre realiteten for so mange, men desse folka har minst like mykje å by på og mykje å gje, nett som alle andre. Og det er viktig å hugsa på.

Det er viktig å få fram små solskinnshistorier som kanskje kan hjelpa nokon, få fram håpet i nokon og kanskje motivera nokon.

Om det er du som sit der sjølv med funksjonshemmingar som du tykkjer er vanskelege, men likevel håpar, jobbar på, drøymer – ja, so skal du halde fram med det! Eg heiar på nettopp deg, som mange andre.

Du er viktig sjølv om du ikkje får til ting du ser andre kan. Sjølv om du ikkje har eit A4-liv har du eit liv med utruleg mange verdiar. Du er minst like verdifull og du får til det DU vil. Til alle som sit med håp og draumar, med fysiske og mentale utfordringar som ein må jobbe med dag for dag. Til mi syster, som er so flink og rå, som har komme so langt. Eg heiar på dykk.

LES OGSÅ: «Lat oss drite i sommarkroppen!»

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.15

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE