Snakk om sex – på nynorsk

Åsmund H. Eikenes
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det eg hugsar best er vel plansjar om forplantningslære, og ein del om seksuelt overførbare sjukdomar, skriv Sveinung Rotevatn (V) i ein epost til Framtida.no

Denne veka stiller stortingsrepresentanten opp for Sex og Politikk for å lansere den nynorske omsettinga av informasjonsmateriellet Veke 6, eit undervisningsopplegg som i år går til over 125 000 elevar frå 1. til 10. trinn.

Rotevatn har tru på å seksualitetsundervisning som gjer elevar i stand til å snakke saman.

– Eg trur det er nyttig å lære om ulike kjønnsidentitetar, om grensesetting og om seksualitet som noko ein bør snakke ope om, seier han.

RotevatnSeksualundervisningWeb
Seksualitetsundervisning handlar om identitet, relasjonar, kjensler, mangfald og inkludering, seier stortingsrepresentanten. Foto: Skjermdump frå video (nedst i saka), Sex og Politikk.

Grenser på nett
Ifølgje seniorrådgivar i Sex og Politikk, Charlotte Andersen, har det dei siste åra blitt eit større behov for å gi elevane kompetanse i korleis dei bør oppføre seg på nett.

– Å lære å sette grenser for seg sjølv og å respektere andre er ein viktig del av seksualitetsundervisninga, skriv ho i ein epost til Framtida.no

Ho fortel at dei har utvikla eit temamateriell om sosiale medium for 1. – 10. trinn, som kjem i tillegg til undervisningsmateriellet knytt til kompetansemåla i læreplanen.

– Sosiale medium har både positive og utfordrande sider, seier ho, og får støtte frå Rotevatn.

– Eg trur det er viktig å bevisstgjere ungdomar på både dei positive sidene ved sosiale medier; som ein arena for flørting og kontakt, men også på fallgruvene, seier han.

Openheit om tabu
Målet med eit eige informasjonsmateriell om sosiale medium er at unge skal bli trygge nettbrukarar som har glede av fordelane ved ein digital kvardag. Stortingspolitikaren oppmodar til varsemd for dei unge brukarane.

– Slike medium kan bli og blir misbrukt til mobbing og uthenging. Og ein bør vere varsam med kva ein deler av bilete og video, seier han.

Andersen forklarar at det er utfordrande med spelereglane på sosiale medium, som er annleis enn i verkelegheita. Ho trur likevel ikkje at samfunnsendringane gir nye tema, men heller at meir av det som var tabu no vert snakka opent om.

– Tema som valdtekt, overgrep, seksuelle krenkingar mot menn, abort, kjøp/sal/byte av seksuelle tenester (både på nett og elles) er tema som ikkje var så tydelege tidlegare.

Ho understrekar at arbeidet med å avstigmatisere tabu, gi ord til kjensler og respektere eigne og andre sine grenser framleis er ein sentral del av seksualitetsundervisninga.

LES OGSÅ: Er det ulovleg å lagre eit bilde ein har motatt?

Auka kompetanse
Andersen fortel at ho møter mange engasjerte lærarar rundt om på skulane som ønsker seg eit kompetanseløft for undervisninga.

– Seksualitetsundervisninga får no medvind i segla. Men det betyr ikkje at kampen er over. Det er fortsatt berre ein tredjedel av norske skular som har meldt seg på gjennom nettstaden Uke6.no, seier ho.

Nytt i år er at alt materiellet er tilgjengeleg på bokmål, nynorsk og samisk.

Her kan du sjå Sveinung Rotevatn forklare korleis lærarar i grunnskulen kan gjere seksualitetsundervisninga «ikkje berre overkommeleg, men faktisk ganske kjekk»:

LES OGSÅ: Det er lett å google klamydia og «how to make babies»

Snakk om det
I desember la helse- og omsorgsminister Bent Høie fram ein ny strategi for seksuell helse, kalla Snakk om det. I innleiinga gir ministeren eit innblikk i kva han sjølv hugsar frå seksualundervisninga:

Da jeg gikk på skolen, lærte vi lite om seksualitet. Jeg husker at læreren, som viste fram plansjer med tverrsnitt av mannlige og kvinnelige kjønnsorganer, var like pinlig berørt som oss elever.

Han snakket om masturbasjon og menstruasjon. Han snakket om faren for å bli gravid og faren for å få kjønnssykdommer.

Han snakket ikke om lengselen og lysten. Han snakket ikke om nærheten og kjærligheten.


Helse- og omsorgsminister Bent Høie vil gjere det enklare å snakke om seksualitet. Pressefoto.

Les meir om #Sex og samliv