Snapchat – no også som læreverktøy

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Du kan nytte Snapchat til meir enn å gi verda eit glimt frå laurdagens fest eller ein flott solnedgang. Gjennom snaps og mystory kan kven som helst få delta i ein forskarkvardag og få innblikk i pågåande forskingsprosjekt.

No tek norske forskarar i bruk Snapchat for å formidle forskingsresultata sine.

Ein av desse er Jill W. Rettberg, professor i digital kultur ved Universitetet i Bergen (foto, UiB).

– Eg har alltid syntest at det er viktig å bruke media eg forskar på. Utan å verkeleg bruke Snapchat, kan eg jo ikke forstå det, fortel ho.

Ho understrekar at det er viktig at forskarane formidlar forskningsresultata sine.

– For meg er det mest spennende å formidle prosessen, kor ein framleis undrer over spørsmål, og ikkje har alle svara endå.

LES OGSÅ: Facebook fortel meg kva som er trendy, ikkje kva som er siste nytt

– Vil vise korleis professorlivet er
Rettberg følger fleire andre forskarar på Snapchat, sjølv om dei forskar på andre fagfelt.

– Vi deler jo erfaringa av å jobbe med å publisere noko, som å måtte redigere teksten etter tilbakemeldingar, eller av å ville finne ut av ting. Eg vil gjerne vise korleis det er å vere professor, og knytte kontakt med forskarar og studentar som er interesserte i det same som meg, seier Rettberg.

– Får du respons?

– Ja visst! Mange sender korte snaps tilbake, og ofte blir eg overraska. Eg har fått svar frå ein student i Mexico som skreiv masteroppgåve om blogging og ein akademikar i USA som var interessert i selfies. Eg og også fleire gongar fått tweets eller epostar om noko eg har publisert på Snapchat. Andre snappar berre «lykke til» eller «spennande», fortel professoren.

Live frå Brexit
Jan Erik Mustad (biletet) er førstelektor i engelsk ved Universitetet i Agder. Han nytta Snapchat som ekspertkommentator i England under Brexit. Mustad skildrar Snapchat-bruken som eit prøveprosjekt i korleis formidle komplekse spørsmål.

Jan Erik Mustad

– Snapchat er ein gode måte å formidle dagsaktuelle spørsmål på. Ein når eit anna publikum og ikkje minst dei yngre, som lever gjennom sosiale medium. Snapchat vil nok bli meir populært til forskings-formidling, då det er eit fint supplement til andre lærekjelder, seier Mustad.

– Korleis var responsen under Brexit?

– Eg fekk overveldande respons. Under avstemninga fekk eg fleire hundre følgjarar, og kommentarar og meldingar om at dette var ein veldig kul måte å formidle viktige og alvorlege tema på. Politikk eignar seg også for spissformuleringar i slike format.

LES OGSÅ: Instagram som forskingsformidling

Forsking til folket
Også nevropsykolog ved Universitetet i Oslo, Daniel Quintana, har tatt i bruk det populære sosiale mediumet. Der får ein sjå både forskar-kvardagen og ulike forskingsresultat.

– Å kommunisere vitskap til offentlegheita har aldri vore viktigare. Eg brukar Snapchat fordi det er der folk sin merksemd er no. Mobiltelefonar er det nye fjernsynet. Eg såg at andre nytta Snapchat til formidling, både innan trening og helse, så eg tenkte: Kvifor ikkje vitskap?

– Set folk pris på forsking på Snapchat?

– Dei ser ut til å like å høyre om forsking via korte videoar og bilde. Vitskap kan vere veldig tørt, så Snapchat-formatet hjelper verkeleg med å gjere det gøy og tilgjengeleg.

Berre i startfasen
Quintana trur forskingsformidling på sosiale medium berre vil bli meir populært.

– Organisasjonar som støttar forsking økonomisk, til dømes Forskingsrådet, begynner å bli merksemde på kor viktig det er å kommunisere vitskap til offentlegheita. Prosjekt som kommuniserer forskinga ut til samfunnet, blir no føretrekt. Det gjev meining, med tanke på at det er skattebetalarar som finansierer forskinga, og dei bør vite kva dei betaler for.

Også Rettberg trur at Snapchat vil bli brukt til meir enn berre fritid framover.

– Ja, no bruker 36 prosent av alle nordmenn over 18 år Snapchat kvar einaste dag. Dei fleste bruker det nok mest privat, men stadig fleire deler frå forskninga si. Eg trur også at studentar vil hive seg meir på med tida, seier ho.

Her kan du finne dei tre forskarane på Snapchat:

SnapchatforskaraneWeb

Interessert i forsking? Sjå serien vår VIS MEG EIN DINGS

Faktaboks

Andre forskingsinstitusjonar på Snapchat:

Senter for Cardiac Exercise forskingsgruppe ved NTNU: cerg_ntnu

Studentane ved det medisinsk-odontologiske fakultet på Universitetet i Bergen: MOFStudentUiB

Høgskulen i Hedmark: hogskolehedmark

Høyskolen Kristiania: HKristiania

Universitetet i Stavanger: UniStavanger

Universitetet i Oslo: UniOslo

Kjernefysikar ved UiO, Sunniva Rose: sunnivarose