Øl og brød av algar

Kanskje finn du næringsrikt algebrød og algeøl i butikkhyllene om nokre år.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Snart får du brød og øl av algar

– Gjennom samarbeid mellom forsking, industri og forbrukarar skal vi vise at det er mogleg å produsere og bruke mikroalgar i framtidig mat- og fôrproduksjon – også her i Noreg, fortel algeprosjektleiar Stig Borgvang til Nibio.no.

Mikroalgane har høgt innhald av protein, mineral, vitamin, antioksidantar og fleirumetta feittsyrer.

I prosjektet har forskarane også valt ut tre ulike matvarer – brød, øl og fiskefôr – for å vise at det er mogleg å lage produkt med mikroalgar som folk vil ha.

– Du kan dyrke mikroalgar på ein jordknaus eller i ein gammal låve – alt dei treng er sollys, vatn og næring. Produksjonen er miljøvenleg, og målet er å bidra til å gjere den berekraftig, seier Stig Borgvang, som er forskar ved Norsk institutt for bioøkonomi (Nibio).

Samarbeid med Nøgne Ø
Visjonen er å ha ei berekraftig algenæring i Noreg om ti-femten år.

– Vi skal kome fram til ein prosess der vi produserer algebiomasse som har eit næringsinnhald spesifikt retta mot bestemte produkt. Lys, pH, temperatur og næringssamansetjing i dyrkingsmediet er då viktige faktorar. Og vi skal skalere opp prosessen frå laboratoriestadiet til pilotskala, forklarar algeforskar Kari Skjånes ved Nibio.

Forskarane skal mellom anna samarbeide med Råde Bakeri & Konditori, ølprodusenten Nøgne Ø i Grimstad, fiskefôrprodusenten Europharma i Finnmark og fiskeolje/fiskemjølprodusenten Vital Seafood AS på Stranda. I samarbeid med UniResearch i Bergen skal dei også dra nytte av fasilitetane for dyrking av mikroalgar på Mongstad med avløpsgass som karbonkjelde til fotosyntesen.

Hjelp oss å ete mindre kjøt, skriv Grøn Ungdom