Raud Ungdom sankar medlemar

Ingunn Gjærde
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Oppdatering 8.feb: Liberalistisk ungdom auka med over 1000 medlemar i fjor. Les meir HER

– Dei fleste ungdommar vaknar ikkje opp om morgonen og tenkjer «nå skal eg melda meg inn i eit politisk parti». Me må vera ute der ungdommen samlast, slik at dei kan nå oss, seier Linn-Elise Øhn Mehlen, leiar i Raud Ungdom (RU).

I 2016 er det RU som har hatt størst vekst (blant dei største ungdomspartia i 2015), viser medlemstala ungdomspartia har sendt inn til Framtida.no. (Sjå diagram lenger nede i saka!)

Også Framstegpartiets Ungdom (FpU), Kristeleg Folkepartis Ungdom (KrFU) og Senterungdommen (SpU) har auka medlemstala i 2016.

Verre er det for Arbeidernes Ungdomsfylking (AUF), Grøn Ungdom (GU), Sosialistisk Ungdom (SU), Unge Venstre (UV) og Unge Høgre (UH), som alle har lågare medlemstal i 2016 enn i 2015.

Det er vanleg å ha mindre vekst i dei åra det ikkje er val.

Veks og veks
Fjorårets største medlemsvekst er det Raud Ungdom som står for. Med 152 nye innmeldingar, har medlemstalet auka frå 650 til 802.  RU er det nest minste av dei ti ungdomspartia (sjå graf).

– RU har hatt den største medlemsveksten blant ungdomspartia. Kva synes du om det?

– Det er jo veldig kult, bryter Mehlen ut.

– Er du overraska?

– Litt, men så har Raudt blitt meir sentrale, og har fått gjennomslag for viktige saker i fleire større byar. Det viser igjen i ungdomsorganisasjonen også, fortel Mehlen.

Av lokallaga til Raud Ungdom er det størst vekst i Oslo og Bergen. I 2016 var det i følgje Mehlen to tema som skapte eit ekstra engasjement: Sakene om skjønnheitstyranniet, med merking av retusjert reklame, og kampen mot fråværsgrensa på vidaregåande var med på å auka medlemstala.

LES OGSÅ: RU protesterer mot deponi i Førdefjorden

AUF framleis klart størst, men ytterkantane har auke
To av partia som har hatt størst auke i 2016, FpU og RU, ligg på kvar sin ytterkant av den politiske skalaen.

AUF og UH er framleis dei klart største partia, men dei opplever synkande medlemstal. I skrivande stund er UH ikkje heilt klare med den nøyaktige oppteljinga, men førebels viser medlemstala ein tydeleg nedgang. AUF har mista flest medlemar av alle partia, men ser ein på storleiken er den prosentvise nedgangen i partiet ikkje så stor.

LES OGSÅ: Senterungdommen vaks mest i 2015

Kniving om tredjeplassen
Igjen er FpU det tredje største ungdomspartiet i landet. I 2015 slo SpU til og auka med 392 medlemar. Med det gjekk dei akkurat forbi FpU med 16 medlemar, og kunne kalla seg Norge sitt tredje største ungdomsparti. SpU har hatt litt vekst i 2016 også, og har slått medlemsrekorden frå i fjor. Likevel ligg FpU nå hakket framføre, med 23 fleire medlemar.

– Det er første gong sidan 2011 at FpU har medlemsvekst. Dette i tillegg til ein rekordstor sommarleir, auke i aktive medlemar og sterk auke i talet på lokallag, gjer at eg vil kalla 2016 for eit skikkeleg suksessår, skriv Bjørn-Kristian Svendsrud, formann i FpU, i ei pressemelding.

LES OGSÅ: – Folk flest har blitt meir opptatt av å lytte til ungdom etter 22. juli, meiner FpU-leiaren

NB! Unge Høgre sine tal for 2016 er omtrentlege, grunna at dei i skrivande stund ikkje er ferdig med finteljinga endå.

Liberalistisk Ungdom melder seg på

Det ferskaste ungdomspartiet, Liberalistisk Ungdom, har også veksande medlemstal. Dei er ungdomspartiet til Liberalistane, og ønskjer blant anna å fjerna velferdsstaten, redusera skattar og avgifter og legalisera narkotika.

Liberalistisk Ungdom oppgir eit totalt medlemstal på 1420, men spesifiserer ikkje kor mange medlemar som er betalande. Difor er dei ikkje tatt med i grafen.

– Eg trur at ungdomspartiet blant anna får fleire medlemar på grunn av at folk blir meir og meir misnøgde med at staten veks, sjølv med ei blå-blå regjering, seier Fredrik Laving, leiar i Liberalistisk ungdom.

Nå har ungdomspartiet som mål å få fylkeslag i alle fylke før Stortingsvalet i september.

OPPDATERT:
Lavik opplyser til Framtida.no at partiet hadde 300 betalande medlemar i utgangen av 2015. Fredag ettermidag bekreftar Lavik at 1420 er talet på betalande medlem, uavhengig av alder i 2016 i Liberalistisk Ungdom. Partiet har med andre ord hatt ein kraftig vekst. Framtida.no kjem tilbake med meir: Ekstrem medlemsvekst for Liberalistisk ungdom.

Liberalistenes landsmøte 2016
Fredrik Laving, leiar i Liberalistisk Ungdom, skriv i ei pressemelding at dei stadig får nye lokallag rundt om i landet. Foto: Liberalistane

Faktaboks

Medlemstal 2016 (endring frå 2015 i parentes):

AUF: 13682 (-454)
FpU: 2081 (+53)
GU: 474 (-184)
KrFU: 1362 (+64)
RU: 802 (+152)
SpU: 2058 (+14)
SU: 834 (-145)
UH: ca. 4000 (-262)
UV: 1415 (-166)

Totalt: 26708 (-928)

I tillegg kjem medlemsveksta i Liberalistisk Ungdom.

Sjå diagram lenger nede i saka!