Løkenåsen skule tildelt Benjaminprisen
Skulen i Lørenskog fekk prisen for arbeidet sitt mot rasisme og diskriminering.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) overrekte prisen på 100.000 kroner under eit arrangement på skulen tysdag.
– Det finst hundrevis av skular som har gode intensjonar når det gjeld inkludering, men de har klart å omsette dei gode intensjonane i handling, sa Isaksen.
Lørenskog-skulen har i fleire år vore ein sterk kandidat til å få prisen.
– Det antirasistiske arbeidet på Løkenåsen baserer seg på ei heilskapleg tenking som siktar mot å involvere alle aktørar på skulen, frå elevar og lærarar til skuleleiing og foreldre, sa juryleiar Guri Hjeltnes, som er direktør ved Senter for studier av holocaust og livssynsminoritetar (HL-senteret).
LES OGSÅ: Mayram (23) blei utsett for rasisme på jobben. Då tok Nina (33) affære
Benjaminprisen går kvart år til ein barne-, ungdoms- eller vidaregåandeskule som utmerkjer seg i arbeidet mot rasisme og diskriminering. Prisen er kalla opp etter Benjamin Hermansen, som 15 år gammal vart drepen av erklærte nynazistar 26. januar 2001.
Sjå video frå prisutdelinga: