Gründerane bak Alder møttest i ei songforeining. Nå ønskjer dei å gjera arbeidet til frivillige organisasjonar enklare, gjennom ein app.

– Me ser moglegheiter der andre ser problem, seier Simon Riis Iden (29).

Saman med Håvard Liltved Dalen (26) har han grunnlagt bedrifta Alder. Dei har laga eit datasystem som kan nyttast av frivillige organisasjonar, for å koordinera frivillige.

Bedrifta har eit lite kontor hos LevelUp, inkubatoren til Universitetet i Stavanger. Fleire gründerverksemder deler lokalet. På dataskjermane ved vindauget står ei mengd algoritmar og tal, og det er tydeleg at her manglar det ikkje på den tekniske kompetansen.

Eit av dei store høgdepunkta til gründerbedrifta har vore å vinna konkurransen Min helseidé i 2016. Med ein premie til ein verdi av 500 000 kroner, frå Kreftforeininga, Abbvie, Driv Inkubator og Innovasjon Norge, fekk bedrifta eit godt startår. Sistnemnde har i tillegg støtta Alder med yttarlegare 500 000 kroner. 

LES OGSÅ: Vil ta over musikkbransjen med ny app.

Appen styrer alt
Gründerane ønskjer å løysa det dei meiner er ein flaskehals i systemet. Samfunnet vert digitalisert, men dei frivillige organisasjonane henger litt etter, forklarer dei.

– Både brukaren, den frivillige og koordinatoren registrerer profilar, og kan kommunisera inne i appen til Alder, forklarar Gaute Halvorsen (30).

Ved hjelp av kunstig intelligens vert frivillige kopla saman med dei oppgåvene som skal utførast.

Målet er at frivillige organisasjonar skal kunna jobba meir med folk, og mindre med manuell organisering.

Alder. Bedrift, Stavanger, gründer, oppstart, frivillige organisasjonar, Simon Riis Iden
Simon Riis Iden viser fram appen til Alder.

Rett team er nøkkelen
– Gaute er siste medlem av familien, seier Iden smilande, og kikkar bort på den ferskaste i teamet.

Eit stort steg for mange gründerar er å tilsetja nye folk. Teamsamansetninga er ein viktig faktor for å lukkast.

I ei lita bedrift kostar ei feiltilsetjing mykje, men Dalen er sikker på at Halvorsen er rett mann for jobben. Han har ikkje mindre enn to mastergrader, der den eine er frå Italia, om robotikk og kunstig intelligens.

LES OGSÅ: Starta bedrift på 48 timar – her er tipsa hans.

Mount Everest og x-faktor
Å starte eigen bedrift er ikkje noko for alle, ifølgje Iden.

– Det er som å villa klatra opp på Mount Everest. Dei fleste ein møter på gata har ikkje lyst til det, men me skal til topps, seier han med eit målbevisst blikk. 

Økonomisk har dei klart seg greitt, sjølv om det i periodar har gått på sparepengane laus. 

I starten tok dei ikkje ut løn og gründerane legg ikkje skjul på at det har vore mykje hardt arbeid det siste året. Det er ein livsstil å starta bedrift, og ein har ikkje tid til så mykje anna.

– Når det kjem til psyken handlar det om to ting. Ein må ha litt x-faktor, og ein må ha høg smerteterskel. For meg har det blitt til at nå får det kosta kva det kosta vil, seier Iden.

Heller Alder enn fast jobb
Iden fortel om alle forventningane som vert lagt på unge i dag, og alt som må vera perfekt, og legg til:

– Eg har angst for å hamna inn i den firkanta boksen til samfunnet.

– Ein må ha psyken i orden, men eg ville aldri bytta ut starten av Alder med ein trygg, fast jobb. Nei, dette er kult, seier Dalen. Dei andre nikkar bekreftande. 

Alder. Bedrift, Stavanger, gründer, oppstart, frivillige organisasjonar, F.v. Gaute Halvorsen, Simon Riis Iden og Håvard Liltved Dalen 
Gaute Halvorsen (f.v.), Simon Riis Iden og Håvard Liltved Dalen legg ikkje skjul på at oppstartsåret har vore tøft.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.14

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE