Starta bedrift på 48 timar – her er tipsa hans

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 30.08.2017 17:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tidlegare i år gjorde Fraser Doherty eit eksperiment: Han ville sjå om han kunne starta ei verksemd frå blanke ark til full drift på berre éi helg.

Resultatet var Awesome Oats, ein serie med «pimpa» havregrynblandingar til sals på nettet – og boka 48 Hour Startup, der han fortel om prosessen og gir tips til andre som vil setja ein idé ut i livet på ein kjapp og enkel måte.

– Poenget mitt med boka er å frigjera folk som slit med å koma på ein idé, starta ei verksemd og skapa ein merkevare. Eg ville visa at dette er noko du kan gjera veldig raskt, utan veldig mykje pengar. Du treng ikkje vera livredd for å gi det eit forsøk, sa Doherty i eit føredrag på Edinburgh International Book Festival i slutten av august.

Frå syltetøy til gryn

Den unge gründeren hadde mange års erfaring å dra lærdom av, då han gjekk laus på eksperimentet. Alt som 17-åring starta han SuperJam, som lagar syltetøy med 100 prosent fruktinnhald. Seinare har han vore med og starta Beer52 og Envelope Coffee, som sel øl og kaffi frå ulike småskalaprodusentar gjennom abonnement. Gryn er det siste i rekkja av påfunn.

– Ideane mine har ikkje nådd forbi frukosten enno, seier Doherty.

Han fortel at suksessane berre utgjer ein liten del av dei mange ideane han har hatt, og trur frykta for å mislukkast hindrar mange frå å prøva. Å bruka eigne lærdomar til å ta ned dette hinderet var det viktigaste føremålet med 48 Hour Startup-forsøket.

Å finna ein idé

For mange stoppar det alt ved det første steget: Å finna ein forretningsidé.

– Folk spør meg: «Korleis kan du finna ein idé, når alt er gjort allereie?» Ja, mykje er gjort, men det meste er gjort dårleg, eller kunne vore gjort betre, seier Doherty.

Han meiner reality-show på TV der håpefulle «Reodor Felgen-ar» konkurrerer om pengegevinstar for oppfinningane sine ikkje gir rett bilete av røynda.

– Me får inntrykk av at du må finna opp noko for å starta ei verksemd – ei eller anna slags komplisert innretning som gjer reint under kjøleskapet. Men mi erfaring har vore at du kan skapa ei verksemd av å gjera heilt vanlege ting på ein betre måte, seier gründeren, som sjølv alltid har halde seg til det kjente og kjære når han har utvikla sine idear.

– Lærdomen min er at ein god idé treng ikkje vera high-tech. Du kan gjera noko ekstraordinært ut av noko så ordinært som syltetøy.


Minidokumentar om SuperJam, som er å finna i butikkhyller i mange land, men ikkje Noreg.

Start med eigne interesser

Det viktigaste rådet hans for å finna ein forretningsidé er å starta med det som interesserer deg.

– Det verkar openbart, men det kan ta år å få ei verksemd til å bli ein suksess, og viss du prøver å gjera noko du ikkje likar sjølv, er det stor sjanse for at du gir opp når ting ikkje går bra med ein gong, seier Doherty.

Han seier at mange står fast i startgropa ved å venta på den «perfekte» ideen.

– Mi erfaring er at det er best å berre gå for noko. Sjølv om det ikkje lukkast, kan du læra av forsøket.

Då han starta Awesome Oats, fann han ideen på ein halvtime.

– Eg er interessert i mat og drikke, så eg skreiv enkelt og greitt «Mattrendar 2016» på Google. Det første som kom opp var luksusgryn, så eg berre gjekk for det.

Å skapa ein merkevare

Etter å ha «pitcha» ideen for bestemora og fått ein tommel opp, var neste steg å utvikla ein merkevare. Igjen meiner han det er eit feilsteg å prøva å finna noko heilt originalt.

– Mitt råd er å sjå på konkurrentane som ei gratis «research and development»-avdeling. Det er folk som har brukt år etter år på å finna ut korleis dei skal selja gryn, til dømes, og dei kan sannsynlegvis gi deg nokre hint om kva som kan hjelpa deg med å selja dine, seier Doherty.

Etter å ha idémyldra namn og sjekka kva nettadresser som var ledige på BustAName.com gjekk han raskt for «Awesome Oats».

– Berre vel noko og gå for det – så lenge folk kan skriva det og uttala det, så vil det funka, seier Doherty, som meiner mange bruker for mykje tid og krefter på denne prosessen.

Skap ei kjensle

Når det gjeld innpakking og design, meiner han det viktigaste er å laga seg ei klar førestilling om kva ein vil kommunisera – og, igjen, å la seg inspirera av andre på marknaden.

– Finn ut kva du vil seia, kva kjensle du vil at folk skal sjå når dei ser produktet, og finn døme på innpakkingar som gir deg den kjensla. Når du viser døma til ein designar, vil dei skjøna kva du er ute etter, seier han.

Han meiner den beste måten å skapa ein merkevare, logo og innpakking er å finna nokon som jobbar frilans per time via nettstader som Upworks.com. Sjølv fann han både designar, fotograf og matstylist som hjelpte med oppskrifter og bilete på denne måten – alt i løpet av første dagen av eksperimentet.

Tips, triks og verktøy

Også nettside og butikk for Awesome Oats var klart første dagen, med hjelp av Shopify.com. Andre dagen fekk han laga dei første produkta, og Facebook-annonsering sikra han dei første kundane.

Sidan Doherty dreiv fleire verksemder frå før, var han avhengig av å finna løysingar som gjorde at marknadsføring og sal gjekk automatisk, utan at han måtte bruka tid på det sjølv. I boka skildrar han prosessen i nærare detalj, med tips til andre ressursar og førebuing av vegen vidare etter dei første 48 timane.

– Det eg ville gjera, var å få med så mange kjelder som mogleg for tips, triks og verktøy som var nyttige for meg langs vegen, seier han om boka som han omtalar som ein «jukselapp».


Fraser Doherty fortel her om eksperimentet og boka
48 Hour Startup.

– Den største hindringa sit i hovudet ditt

Doherty seier mykje om korleis du kan finna rimelege løysingar som reduserer den finansielle risikoen, men lite om korleis du kan tena store pengar. Men profitten treng ikkje vera det einaste eller viktigaste føremålet med å starta ei verksemd, meiner han.

– Folk startar verksemder for ulike grunnar, men for meg handlar det om det å skapa noko, ein merkevare og eit produkt som ikkje fanst i verda frå før – å skapa eit eventyr.

Etter føredraget på bokfestivalen spurte Framtida.no kva Doherty meiner er den største hindringa for unge som vil starta ei verksemd i dag.

– Eg meiner at den største hindringa for å gjera noko som helst i livet sit i ditt eige hovud: du fortel deg sjølv at du ikkje får det til, at folk kjem til å bry seg og le av deg. Men det er ikkje sant. Eg vil oppmuntra folk til at det å starta ei verksemd ikkje treng vera så skremmande. Sjølv om det ikkje lukkast, vil folk berre vera glade for at du prøvde, svara han.

Faktaboks

Fraser Doherty

Fødd 1988 i Edinburgh, Skottland

Også kjent som «Jam Boy»

Starta produksjon og sal av syltetøy etter bestemors oppskrifter som 14-åring

Starta i 2006 SuperJam: Syltetøy med 100 % frukt, utan sukker eller andre tilsettingsstoff

SuperJam organiserer også gratis «teselskap» for einsame eldre

SuperJam finst i butikkhyller i mange land verda over, men ikkje i Noreg