Sjå dokumentaren om «bursdagsfjellet»
Ønsket om å gi ein norsk fjelltopp i gåve til Finland er beundringsverdig, meiner filmskapar David Freid.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Sjå filmen om «bursdagsfjellet»
– Eg fekk ideen i 1972, då eg gjorde høgderegistrering i grenseområdet. Eg såg at det høgste punktet i Finland var i ei fjellside, og at fjellet var i Noreg, seier Bjørn Geirr Harsson i kortdokumentaren «Battle for Birthday Mountain».
Filmen, som er regissert av David Freid, tek for seg initiativet om å gje fjelltoppen Halti i Kåfjord kommune i jubleumsgåve til Finland. Våre naboar i aust feirer nemleg 100 år som sjølvstendig nasjon i 2017.
Battle for Birthday Mountain from MEL Films on Vimeo.
Initiativtakar Bjørn Geirr Harsson skreiv eit brev til Utanriksdepartementet, og har fått med seg Kåfjord-ordførar Svein Oddvar Leiros på ideen. I tillegg har Facebook-gruppa «Halti som jubileumsgave» over 17 000 følgjarar.
Til nettstaden The Local fortel regissør Freid kvifor han fann ideen så fascinerande.
– På overflata er dette ein søt film om ei veldig unik gåve mellom nasjonar. Men i hjartet av det er noko veldig ekte og relevant. Medan me er vitne til auka uro langs internasjonale grenser, frå Ukraina og Russland, til Sør-Kina-havet, til Trump sin foreslåtte mur mot Mexico, er ideen bak bursdagsfjellet ein sjeldan internasjonal gest verd å beundra, seier Freid.
Statsminister Erna Solberg har i eit offisielt svar til ordføraren i Kåfjord avslått forslaget. Ho viser til fleire ulike grunnar, mellom anna den norske Grunnlova. I den aller første paragrafen heiter det nemleg at: «Kongeriket Noreg er eit fritt, sjølvstendig, udeleleg og uavhendeleg rike.»
Dette er ikkje første gong Freid lagar dokumentarar om kuriøse utanrikspolitiske saker. I «Make Inishturk Great Again» møter han inbyggjarane på ei lita øy i Irland som ifølgje ryktet ynskjer Trump-flyktningar velkommen.
I Noreg har Ringerike gjort eit liknande stunt med nettsida emigrateme.com.
Make Inishturk Great Again from MEL Films on Vimeo.