Havbruksnæringa: Fanga av fisken

Eigentleg var Øystein Wigestrand på veg til prestisjefylte Handelshøgskolen i Bergen. I staden blei det oppdrett og salt sjøsprøyt i Os.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Først publisert i Suldalsposten.

Handelshøgskole-studiar og studling av laks er ikkje heilt i samme gata.

Unnfanga interessa i Erfjord
– Hehe, jo det er ekstreme konstrastar, erkjenner 22-åringen, som blei fanga av interessa for oppdrett og aqvakultur då han for eit par år sidan arbeidde eitt år hjå Erfjord Stamfisk. Først på sjøen, etterpå inne på anlegget i Kilane der det blir produsert lakserogn.

Arbeidsåret begynte etter førstegongstenesta og skulle eigentleg berre vera eit pengeoppsparingsår for å sleppa studie-lån når han skulle i gang på Handelshøgskolen. Men Wigestrand, som alltid hadde sett på seg sjølv som teoretikar, fann praktikaren i seg og gleda over den.

Må tenkja annleis
– Du får prøvd litt meir enn å tenkja, eller rettare sagt, du må tenkja annleis, fortel Wigestrand som er djupt fascinert av ein bransje i heftig utvikling.

– Det skjer nye ting heile tida på forskningsfronten. Nye metodar, nye vaksinar, nytt utstyr, det blir betre og betre: dette er ei næring for framtida, seier Wigestrand som nå arbeider i firmaet Bolaks, eit selskap med tolv konsesjonar og som ligg i nabokommunen til Os, Fusa.

Mot Hordaland
Pendlarvegen er førtifem minutt kvar veg frå leilegheita Wigestrand kjøpte seg i sommar.

Etter at han tok vidaregåande i Norheimsund, var han klar for meir Hordaland, og det var i denne retninga han søkte, då han fann og fekk jobben som driftsoperatør. Det første halve året gjorde han alt mogleg der det til ei kvar tid var behov for han, frå å avlusa, til å plukka daud fisk.

Tar gjerne overtid
Då bedrifta etter eit halvt år lyste ut jobb som lokalitetsansvarleg, altså sjef på eit oppdrettsanlegg, blei suldølen oppfordra til å søkja av ein av sjefane. Det gav ikkje noko lønshopp, men eitt steg opp i karrierestigen. Grunnlønna, som inkluderer ei pålagt vakthelg i månaden, er på rundt 500 000 kroner. Wigestrand tar gjerne helg og kveld, noko som supplerer godt på inntekta.

Årshjulet
Anlegget hans ligg berre 200 meter frå land, og dermed kan han ta seg ut med motorbåt. Men selskapet har mange anlegg, somme av dei lenger ut til sjøs.

Matfisken vert sett ut i august/september, i desember er den ferdig oppfeita og blir slakta. Perioden til neste utsetting blir kalt brakklegging, då blir anlegga vaska og rydda og alt klargjort. I den perioden, som altså nå nettopp er starta, blir lokalitetsansvarlege brukt der dei trengst.

Øystein Wigestrand arbeidde eitt år hjå Erfjord Stamfisk. Der blei interessa for oppdrett blei vekt. Foto: Jon Vold.

Variasjon
– Oppdrettsbransjen betyr at du får stor variasjon, det er fint å komma ut og komma rundt og at ikkje alle arbeidsdagar er like, seier Wigestrand som fortel at hans einaste kjennskap til fisk frå før av, var at han likte å fiska. Fisk og laks er ikkje favoritten til middag, han legg ikkje skjul på at han ikkje er nokon kokk. Det er spagetti og kjøttsaus eller pytt i panne som er favoritten når noko varmt og kvesse skal på bordet etter jobb.

Vegen vidare
Med 6-700 timar arbeid siste år har han ikkje fritidsproblem. Men set pris på å ha kollegaer og nettverk i Os som kan vera godt selskap på treningssenteret eller på ein bytur til Bergen.

Han har ikkje tenkt å fôra fisk resten av yrkeskarrieren, men kor vegen går vidare i den blå åkeren, veit ikkje Wigestrand nå. – Eg veit at eg klarer meg godt teoretisk og eg har lyst til å gå vidare på denne vegen. Det kan bli forskning, leiing, eller det kan vera teknisk fagskule, for å bli ein betre praktikar.

Fagbrev på sofaen
På latsida ligg i alle fall ikkje denne mannen. Mellom jobb, overtid og trening, har han unnagjort fagbrev i aqvakultur gjennom eit nettbasert vaksenopplæringsopplegg.

– Litt kave med lange oppgåver når du kjem heim etter jobb, men det er eit spørsmål om disiplin, konstaterer Øystein Wigestrand.

Eitt råd
Til ungdom som har lyst til å testa ut denne bransjen og dette yrket, har han eitt råd å gi:

– Mange oppdrettsbedrifter har ledige sommarjobbar. Søk, då vil du finna ut om dette er interessant og kjekt for deg!