Noreg hovudsete for milliardsatsing på vaksinar
Erna Solberg og Bill Gates satsar milliardar for å utvikle vaksinar mot nye og ukjende epidemiar.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Gates satsar milliardar i Noreg
Ei internasjonal satsing på å utvikle nye vaksinar mot framtidige epidemiar vart lansert på World Economic Forum i Davos onsdag.
Japan, Norge, Tyskland og stiftingane Bill & Melinda Gates Foundation og Wellcome Trust står bak ei samla oppstartsinvestering på 4 milliardar kroner, skriv Folkehelseinstituttet.
Noreg skal bidra med ein milliard kroner, og får hovudsete for koalisjonen, som også får kontor i London og Dehli.
– Vi har eit felles mål om å hjelpe verdas fattigaste, og Noreg er på mange måtar det mest generøse landet i verda, seier Gates til NRK.
– Klare når alarmen går
– Ebola og Zika viste at verda er tragisk uførebudd på å oppdage lokale utbrot og reagere raskt nok til å hindre dei frå å bli globale pandemiar. Utan investeringar i forsking og utvikling, vil vi fortsatt ikkje vere førebudde når vi står ovanfor dei neste truslane, uttala Gates til VG.
Fagsjef i Folkehelseinstituttet, John Arne Røttingen, har leia det midlertidige sekretariatet av CEPI sidan i fjor sommar.
Han fortel at målet er å lage ein plattform som gjer det lettare å kome fram med ei vaksine dersom det dukkar opp ukjende virus.
– Det blir litt som brannvesenet; vi er klare når alarmen går. Det gjer at vi raskere kan stanse ein epidemi, seier Røttingen til VG.