Donald Trump har gitt namn til ein ny møll oppdaga på begge sider av grensa mellom California og Mexico.

mm

Møllen Neopalpa donaldtrumpi er oppkalla etter Donald Trump, som denne veka vert innsett som den 45. presidenten i USA. Insektet er oppdaga og namngitt av biologen Vazrick Nazari.

– Denne spesifikke skildringa er valgt på grunn av likskapen mellom skala på hovudet av møllen og Trump sin hårsveis, skriv Nazari i forskingsartikkelen, publisert i tidsskriftet ZooKeys denne veka.

Insektet er under ein centimeter stort (ein såkalla mikro-møll), og vart oppdaga sør i California og på halvøya Baja California nord i Mexico.


Slik ser den ny-oppdaga møllen ut, om lag fem millimeter brei. Foto: Vazrick Nazari CC BY 4.0

Små genitaliar
Nazari skriv også at N. donaldtrumpi har mindre genitaliar samanlikna med dei andre møllane i same familie (Neopalpa).

Biologen trekk fram at namnet er eit forsøk på å rette merksemd mot sårbare område i USA der det framleis er mange uppdaga artar.

Zoo Keys er eit tidsskrift med open tilgang, så du kan lese heile forskingsrapporten gratis HER.

Også Obama har fått nye dyreartar oppkalla etter seg.

LES OGSÅ: Kroppen din kan ha fått eit nytt organ


Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.14

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE