– Når eg går så hardt ut, så må eg tola å få litt tilbake, seier Ketil Thorbjørnsen om sitt siste musikalske prosjekt.

Porten.no / Halvor Farsund Storvik
Porten.no / Halvor Farsund Storvik

Saka vart først publisert på porten.no

Han skreiv låta då flyktningstraumen frå Syria var på det verste. Etter to-tre veker på strøymesida Tidal har Svik allereie blitt spelt 51 000 gongar.

– Det har vore heilt fantastisk, engasjementet har vore vanvittig. Folk eg aldri har kjent eller ein gong høyrt om, har sendt meg meldingar. Det meste har vore postitivt, men eg har òg blitt kalla mykje rart av enkelte, seier Thorbjørnsen, før han listar opp:

– Landssvikar, apeelskar, muslimelskar, klovn, idiot, tapar. Det er mange fine ord. Og så har eg fått beskjed om å ta livet av meg sjølv, seier Thorbjørnsen. Etterfulgt av ein trillande latter.

LES OGSÅ: Aktuell med ny singel: – Eit motsvar i flyktningdebatten

Har treft eit stort publikum
Latteren demonstrerer at dei negative tilbakemeldingane ikkje går så djupt innpå han.

– Nei, det berre prellar av. Eg synst det er heilt fantastisk, det viktigaste er at folk høyrer på låta. Innvandringskritikarane kan berre ta vekk ironien i sangen, så sit han som ei kule, seier musikaren.

Alle merksemda han har fått viser at han har treft ei nerve. Men at hobbyprosjektet skulle treffe eit såpass stort publikum, som strøymetala viser, hadde han aldri drøymt om.

– Det er over all forventning, seier Thorbjørnsen.

Lovar nytt sprengstoff
At låta har politisk slagkraft har fått fleire konsekvensar enn berre nokre stygge kommentarar på sosiale mediom. Thorbjørnsen seier enkelte radiokanalar har nekta å spele den på lufta.

– Eg vil jobbe hardt for å få meining tilbake i musikken. Vi kan ikkje berre ha glatte låtar og «sola skin, du er fin». Det kan vere bra det òg, men vi treng litt sting. Det må vere noko innhald, seier han.

Svik er første singelen til eit albumet som er venta å komme i slutten av februar. Den neste singelen, Hundre hòl i armen, kjem 23. januar og handlar om narkomane og måten dei blir behandla på av samfunnet.

– Det blir vel ein helvetes leik det òg, spår Thorbjørnsen.

Høyr låta her.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.14

LES OGSÅ

ANNONSE