Tom Erik (18) har allereie sju år bak seg i redaktørstolen

Ingunn Gjærde
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tom Erik (18) sit i redaktørstolen

– Med datamaskin, skrivar og Powerpoint kan ein klara mykje. Det er artig å sjå tilbake på kor enkelt utstyret var då me starta, fortel Tom Erik Nilsen smilande.  

Det heile starta i 2009, då han og nokre kameratar bestemte seg for å laga sommaravis: Ei gratisavis for vener og kjende, blant anna med saker om søppel på vegen.

I 2010 kom første utgåve av dagens Kronstadpost. Nå har avisa fått pressestøtte, og opplaget aukar heile vegen.

– Tempoet her kan vera forrykande, fortel den unge redaktøren.

Rundt 60 sider kjem ut kvar fredag. Og altaværingane veit å setja pris på dei ultralokale sakene til Kronstadposten. Reknar ein saman laussal og abonnentar kjem opplaget på 1550.

Journalisten på mopeden
Å starta opp bedrift og laga ei eiga avis har vore tidkrevjande, ifølgje Nilsen.

– Eg liker å stå på, men eg er heilt avhengig av å ha folk rundt meg som stiller opp.

I ungdomsåra, då han ikkje hadde lov til å køyra bil, måtte altaværingen finne andre framkomstmiddel.  

– Før eg blei 18 var det vanskeleg å komma seg rundt. Eg både sykla og køyrde moped itillegg til at eg blei litt køyrt rundt. Det har blitt mykje enklare å vera journalist etter at eg fekk billappen, seier Nilsen.

Å flyta på bølgja
Han byrja på byggfag på vidaregåande,men valde å slutta på skulen for å satsa fullt på redaktørjobben.

– Det gjekk ikkje å kombinera begge deler. Eg hadde ikkje tid til å gå på skulen.

Han fortel at det var vanskeleg å skulle svara på mobiltelefonen midt i timen, og at han slutta etter eit halvår.

– Då hadde avisa hatt ein oppgang, og eg bestemte meg for å prøva å flyta på den bølgja, fortel Nilsen.

Tom Erik Nisen KP
Pila peikar oppover for Kronstadposten og Nilsen sine ultralokale saker. Foto: Kronstadposten

Litt flaks
Han er klar på at skulegang er viktig, men to år etter at han slutta tykkjer ikkje Nilsen at det har vore noko dårleg val.

– Eg trur at eg har hatt litt flaks også, seier den unge redaktøren.

Moglegheitene låg til rette sidan faren har eige trykkeri, Fagtrykk Idé AS. Då avisa vaks i frå kopimaskinen heime, kunne faren, Håkon Nilsen, overta trykkinga av avisa.

I dag er far og son begge tilsette i avisa. Far er dagleg leiar. Sonen er redaktør, journalist, altmoglegmann, og kvar torsdag styrer han digitalmaskinane under den store trykkedagen. I tillegg har dei ein tilsett som jobbar med sal.

– Viss eg gjer noko feil får eg høyre det heime, men dei er flinke til å gi ros også, når det går bra, fortel attenåringen.

LES OGSÅ: Kvinnheringen vart i 2015 kåra til beste lokalavis i Europa

Motivasjonen
Til andre som måtte sitja på ein draum om å bli journalist eller redaktør i ei eiga avis har Nilsen følgjande råd:

– Stå på og følg din eigen veg. Ein må ikkje vera redd for å prøva og feila. Det er berre å «gunna» på!

Det er likevel ikkje berre plankekøyring å laga avis.

– Noko av det mest utfordrande har vore å finna det rette stoffet, og laga saker om det lesaren vil ha. Akkurat det er ein nøkkel for å lukkast, fortel Nilsen.

Utfordrande bransje
Medan det er oppseiingar i dei store mediehusa, og lokalaviser slit med søkkjande opplagstal, går Kronstadposten mot straumen. Jamt og trutt har dei selt fleire og fleire papiraviser. I 2015 fekk avisa for første gong pressestøtte på 777 997 kroner.   

– Ein av grunnane til at me har auke i opplag, er at me er litt annleis. Sakene er veldig lokale, og sjølve avisa er trykt i eit magasinformat. Kva dei andre gjere feil, tenkjer me ikkje så mykje på, fortel Nilsen.

Nå har dei eit samarbeid med Amedia gjennom nyheiter på iAlta.no. Kronstadposten held i desse dagar på med å laga seg ny heimeside. Planen vidare er klar. Avisa skal lansera ei nettavis med eigne saker til abonnentane.

– Me ønskjer å halda oss stabile på papir, og auka på nett. Framtida ser lys ut. Me har allereie lyst ut ei stilling til ein ny journalist, og håpar på å få inn ein ny på laget så snart som mogleg, seier Nilsen.

LES OGSÅ: Sogn Avis er Årets lokalavis 2016