Jobb på ambassaden – ei erfaring for livet

Åsmund H. Eikenes
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Jobba ved norske ambassadar

Noreg har kring hundre ambassadar og delegasjonar i land over heile verda. Mange av desse søker jamleg studentpraktikantar. 

I går skreiv Framtida.no om Sondre Matias Nave som snart byrjar som studentpraktikant ved den norske ambassaden i Buenos Aires.

Washington D.C, som er ein av dei mest populære, mottok 125 søknader til stillinga for hausten 2016. Studentane må vere under utdanning eller nyleg ha fullført utdanninga og kan ikkje motta løn, men eit stipend på opptil 60 prosent av grunnsatsen.

Praktikantplassar kan for mange vere ei nyttig erfaring og ballast inn i arbeidslivet. Me har spurt eit knippe noverande og tidlegare studentpraktikantar om erfaringane frå ulike delar av verda:

Ambassaden i Buenos Aires: Mona Nedberg Østby (våren 2009)

Mona Nedberg Østby hadde akkurat levert masteroppgåva si om argentinsk landbruk då ho vart praktikant ved ambassaden i Buenos Aires i 2009.

– Erfaringa har vore veldig nyttig når eg har jobba med internasjonale spørsmål og handel seinare, skriv ho i ein epost til Framtida.no

No jobbar ho som seniorrådgivar i Landbruksdirektoratet, og har framleis eit engasjement for Argentina.

– Latin-Amerika er like variert som det er ukjent, til dømes at musikken inneheld element frå urbefolking, slavar og europeiske innvandrarar, og at mange av landa har uvanleg fruktbar jord, høge fjell, regnskog og vakre strender, skriv ho.

Ambassaden i Wien: Daniel Schmidt (våren 2013)

– Eg hadde eit fantastisk fint opphald i Wien, og ser framleis tilbake på tida der med stor glede og litt nostalgi, skriv Daniel Schmidt på epost til Framtida.no.

No er han ungdomsdelegat med Røde Kors til Colombia, og fortel at han har hatt stor nytte av erfaringane som studentpraktikant. Oppgåvene på ambassaden inkluderte rapportering, oppdatering av nettsider, organisering av besøk og arrangement, samt at han fekk erfaringar frå prosessar i FN-systemet og forhandlingar i formelle og uformelle fora.

– Det var veldig spennande, gøy og lærerikt, og definitivt mange erfaringar eg har hatt stor nytte av i etterkant. Det anbefalast på det varmaste, skriv Schmidt.

Ambassaden i Buenos Aires: Peder Østebø (våren 2016)

I fjor vår var Peder Østebø studentpraktikant i Argentina, og også han trekk fram at Latin-Amerika er meir mangfaldig enn ein skulle tru.

– Mangfaldet inkluderer også store økonomiske forskjellar, som er slåande å sjå, og ubehagelege å erfare. Det å vere vitne til slik ulikskap gir òg motivasjon til handling, til å jobbe for ei meir rettferdig verd, skriv han i ein epost til Framtida.no

Han fortel at erfaringane frå perioden som studentpraktikant var viktige for val av studieretning og for å finne relevant jobb.

Innsikt i globale spørsmål og norske utanrikspolitiske prioriteringar kjem godt med i jobben som prosjektleiar i Latin-Amerikagruppene i Noreg.

– Latin-Amerika er plassen der det er umogleg å kjede seg. Det er plassen kor ting aldri går etter planen, noko som gjer at ingenting kjenst som rutine, på godt og vondt, skriv han.

Ambassaden i Rio de Janeiro: Åsmund Heir (hausten 2016)

– Det har vore svært spennande å bli kjent med den brasilianske politikken og det brasilianske næringslivet, skriv Åsmund Heir, studentpraktikant ved konsulatet i Rio de Janeiro på epost til Framtida.no.

Han studerer industriell økonomi og teknologileiing, og har to år att av studia sine. Han han planar om å arbeide i konsulentbransjen etter fullført mastergrad.

– Då vil eg ha stor nytte av erfaring frå offentleg sektor og innsikt i korleis Noreg bistår norsk næringsliv og fremmer norske interesser i utlandet, skriv han.