Førelesarar: – Studentane er for dårlege

Nøgde med si eiga undervisning – kritiserer innsatsen og kunnskapane til studentane.

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Studentane er for dårlege

I fleire år har Nokut (Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga) spurt studentane ved norske universitet og høgskular kva dei meiner om utdanninga si gjennom Studiebarometeret. For første gong har dei no også spurt førelesarane kva dei meiner om utdanningskvaliteten.

LES OGSÅ: Politistudentane mest nøgde, viste Studiebarometeret i fjor

Tysdag lanserte dei resultata frå Underviserundersøkelsen 2016, som viser at dei vitskapleg tilsette bruker meir tid på undervisning enn nokon gong før. Samstundes meiner førelesarane jamt over at mange studentar kan for lite og bruker for lite tid på studia, og at dette hindrar god studiekvalitet.

Heile 73 prosent av førelesarane på bachelorgradsnivå er middels til lite nøgde med dei faglege føresetnadene til studentane, altså kor mykje dei kan frå før.

– Det kan bidra til at undervisarane må senka nivået på undervisninga si for å treffa «alle studentane», seier Nokut-direktør Terje Mørland i ei pressemelding.

LES OGSÅ: Ny student? Her er sju ting du treng å vita

70 prosent av førelesarane er i tillegg middels til lite nøgde med studieinnsatsen til studentane.

– Veldig mange studentar jobbar for dårleg. Dei startar med dårlege føresetnader og bruker veldig lite tid på studiet. Dei jobbar på Rema ved sidan av, og forsøker å hangla gjennom studiet, seier informatikkprofessor Kai A. Olsen ved Høgskolen i Molde og Universitetet i Bergen ifølgje Forskerforum. Han ønskjer seg meir obligatorisk undervisning og strengare opptakskrav.

Ifølgje undersøkinga bruker førelesarane gjennomsnittleg 54 prosent av tida si på undervisning, mot 30 prosent på forsking og utvikling. Stort sett svergar dei til den tradisjonelle førelesinga som undervisningsform – sjølv om dei fleste seier at dei trur studentane lærer mest av såkalla studentaktive læringsformer som prosjektarbeid og gruppeundervisning.

LES OGSÅ: Mastergrad sikrar ikkje jobb – no må du ha gode karakterar

Faktaboks

Undervisningsundersøkelsen 2016 er ei undersøking som er gjort av Nokut, og skal gi eit bilete av korleis dei som underviser ved norske universitet og høgskular vurderer kvaliteten i utdanninga.

Byggjer på eit spørjeskjema med 86 spørsmål som er sendt til alle som underviser i statsvitskap, samfunnsøkonomi, sosiologi, grunnskulelærar, sivilingeniør, ingeniør, historisk-filosofiske fag og arkitektur.

2.561 personar svarte. Det gir ein svarprosent på 36,9.

Undersøkinga er ein pilot. Frå neste år skal undersøkinga etter planen sendast ut til samtlege som underviser i norsk høgre utdanning.