Dei største universiteta får mest EU-pengar
Regjeringa bør satse på dei største universiteta om dei vil auke pengestøtta gjennom EU-programmet Horistont 2020, konkluderer ein ny forskingsrapport.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Mest EU-pengar til dei største
– Viss målet er å innfri målet til regjeringa om at to prosent av midla i Horistont 2020 skal gå til Noreg, så er det mest effektivt å satse på dei store og dei spesialiserte institusjonane, seier Fredrik Piro i Nordisk institutt for studiar av innovasjon, forsking og utdanning (Nifu) til universitetsavisa Uniforum.
Nifu har på oppdrag frå Noregs forskingsråd sett på korleis val av partnarar slår ut på søknader om forskingsstøtte frå EU-programma, og konklusjonen er klar: Satsing på dei største og leiande norske aktørane gir best sjansar for å auke den norske deltakinga i Horistont 2020.
Éin av grunnane er at dei store universiteta kan halde seg med god administrativ ekspertise på EU-søknader, men både fagleg styrke og gode partnarskap innanfor det same fagfeltet er viktige føresetnader.
– Samanlikna med andre land har dei norske institusjonane veldig sterke partnarar samtidig som dei norske miljøa sjølve er sterke og attraktive for utanlandske miljø å ha med i konsortia sine. Her har særleg mange av dei spesialiserte institutta våre innanfor hav, klima, energi og miljø gjort det veldig godt, seier Piro til avisa.
Les meir om forsking HER