Slik held du på treningsiveren

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka er henta med velvilje frå Porten.

– Trening og sunn livsstil er i vinden og vi merkar kvart år ei oppblomstring av det på nyåret, med nyttårsforsett og folk som meir eller mindre har forspist seg i jula, seier Kolbjørn Rydvang, dagleg leiar ved Idrettsenteret i Sogndal.

Han seier det er spesielt dei som ikkje er aktive elles som får ein ekstra motivasjonsboost i januar. Den motivasjonen gjeld det å forvalte rett, seier Rydvang.

– Risikoen for fråfall er større jo hardare du går ut og jo mindre kompetanse du har i sekken frå før, seier han.

LES OGSÅ: Hugs at også sukker er ei grønsak

Finn ein aktivitet du likar
Sjølv om det altså er ein fare for å bli overivrig, meiner han det er gull verdt at folk er budde på å gjere ein skikkeleg innsats. Men det gjeld altså å skunde seg sakte, som det heiter. 

– Motivasjonen skal du bruke for alt det den er verdt. Men det er ikkje ei utømeleg kjelde, så ver litt fornuftig og tenk langsiktig. Tenk minst seks månader fram i tid, ikkje berre januar. Viss du er på null, så må du byrje med små dosar og du må ha god tid til å hente deg inn att mellom slaga, seier Rydvang.


Januar er høgsesong for treningsbransjen. Kolbjørn Rydvang ved Idrettssenteret i Sogndal har motivasjonstipsa klare. Foto: Halvor Farsund Storvik / Porten

Ein annan ting som aukar sjansen for å lukkast er å finne ein aktivitet du likar å drive med. Og du må ikkje la leitinga etter det perfekte treningsopplegget hindre deg i å berre setje i gong.

– Det er uansett vondt å komme i gong for den som er dårleg trent og då bør du i allefall finne noko du trivst med. Viss du er på null så er det eit kjempeutgangspunkt, for då kan det berre bli betre. Då er det ikkje så farleg om du veljer rett treningssone, eller slike ting. Det viktigaste er at du kjem deg i aktivitet, seier Rydvang.

LES OGSÅ: Nordmenn skryt på seg trening

Ha realistisk forventing
Dei siste åra tyr stadig fleire til personlege trenarar for å få struktur og kontinuitet i treninga. Det har dei òg merka i Sogndal. Enkelte kvir seg ikkje for å svi av 50-60 000 kroner i året, viss dei trur det aukar sjansane for å lukkast. 

– Frå å vere eit vestkantfenomen, så er det no like utbreitt for alle lag i befolkninga. Mange med ordinær inntekt prioriterer tolv månader med trening i staden for ein fjorten dagars ferietur, seier Rydvang.

Uansett om du vel å køyre løpet sjølv, eller få hjelp av andre på vegen, så gjeld dei same grunnreglane. Du må sette deg realistiske mål og tenkje at dette er noko du skal drive med over tid. Rydvang seier mange har fått urealistiske forventningar av alle overskriftene av typen «bli topptrent på 11 veker.»

– Du må ha ei fornuftig forventing til kva du kan oppnå og jobbe systematisk. Det er det det handlar om.

LES OGSÅ: Fitness på godt og vondt